Lom kommune har ledig to 100 % faste stillingar som barne- og ungdomsarbeidar i barnehage. Vi ønskjer oss nokon som har eit ekte engasjement for barn, og som vil bidra til gode opplevingar, tryggleik og utvikling i kvardagen. Søknadsfrist: 16.10.2026. Kven ser vi etter?
Du møter barn og vaksne på ein open og respektfull måte og har eit godt blikk for behova til det enkelte barnet. Du trivst med å vere ein del av eit lag, men kan også ta ansvar og arbeide sjølvstendig. Du er fleksibel, finn gode løysingar og bidreg positivt i arbeidsmiljøet.
Vi ønskjer at du: er til stades og oppmerksam i møte med barna er omsorgsfull, trygg og tydeleg tek ansvar og initiativ i kvardagen samarbeider godt med føresette og kollegaer er fleksibel og løysingsorientert likar å vere ute og delta aktivt i leik og aktivitetar er interessert i fagleg utvikling Personlege eigenskapar vil bli lagde stor vekt på.
Kvalifikasjonar Vi ønskjer helst at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men oppmodar også ufaglærte til å søkje. Har du dei rette personlege eigenskapane og eit ekte engasjement for arbeid med barn, ønskjer vi gjerne å høyre frå deg.
Vi ønskjer også at du: har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg gjerne har relevant erfaring frå arbeid med barn Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna Leggje til rette for leik, læring og utvikling Byggje gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar Bidra i utviklinga av det pedagogiske arbeidet i barnehagen