Hopp til innhold
LOM KOMMUNE logo

Vi søkjer fagarbeidar til vikariat i tilrettelagte tenester

LOM KOMMUNE · Offentlig sektor

Sammendrag

Stillingen er et vikariat for en fagarbeider i tilrettelagte tjenester, hvor man skal følge opp og veilede brukere med ulike bistandsbehov for å skape en meningsfull arbeidshverdag.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig
Sted
Lom
Ansettelsesform
Midlertidig
Varighet
24 måneder
Arbeidsform
På stedet
Nivå
Nyutdannet
Utdanning
Læreplass / yrkesfaglig utdanning
Førerkort
Ja
Oppstart
01.01.2027
Søknadsfrist
2026-10-29
Språk (påkrevd)
Languages.nbFlytende

Påkrevde ferdigheter

Fagarbeidarutdanninghelse- eller pedagogiske fagnorskkunnskaparFørarkort klasse B

Full beskrivelse

Vi søkjer fagarbeidar til vikariat i tilrettelagte tenester

I tilrettelagte tenester møter du menneske med ulike bistandsbehov, og får vere med på å skape ein kvardag prega av meistring, tryggleik og livsglede. Ingen dagar er heilt like, og du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag saman med engasjerte kollegaer.

  • Søknadsfrist: 29.10.2026

No har vi ledig eit 100 % vikariat som fagarbeidar, med moglegheit for å arbeide 80 % dersom du ønskjer det. Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.

Dette blir nokre av arbeidsoppgåvene dine

  • Følgje opp og rettleie brukarar med ulike bistandsbehov.
  • Planleggje og gjennomføre dagtilbod, arbeid og opplæring saman med tenestemottakar.
  • Arbeide målretta for å skape meistring, trivsel og tryggleik.
  • Tilpasse tenestene etter den enkelte sine behov, ønskje og vedtak.
  • Samarbeide med kollegaer, pårørande og andre fagpersonar.
  • Bidra til fagleg utvikling og gode tenester.

Vi ser etter deg som

  • Er raus, positiv og engasjert.
  • Likar å arbeide med menneske og ønskjer å gjere ein forskjell.
  • Er sjølvstendig, men trivst godt med å samarbeide.
  • Reflekterer over eigen praksis og er open for rettleiing.
  • Tek ansvar og møter utfordringar med eit løysingsorientert blikk.
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og eit positivt fellesskap.

Kvalifikasjonar

  • Fagarbeidarutdanning, helst innan helse- eller pedagogiske fag.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Førarkort klasse B.
  • Gyldig politiattest.
  • Personlege eigenskapar blir lagde stor vekt på.

Vi tilbyr

  • Eit 100 % vikariat, med moglegheit for 80 % stilling dersom du ønskjer det.
  • Vikariatet varer fram til 01.01.2028.
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
  • Rettleiing og tett samarbeid med kollegaer.
  • Moglegheit til å vere med og utvikle tenesta.
  • Turnusarbeid.
  • Stillinga har i dag tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg.
  • Vi arbeider med å innføre ein ny turnus med fleire langvakter, som kan gi todelt turnus.

Oppstart 01.01.2027 – moglegheit for å starte før om ønskjeleg.

Søk på bedriftens nettsted