Hopp til innhold

Vernepleiar og sjukepleiar

Sammendrag

Haukeland universitetssjukehus søker sjukepleiarar og vernepleiarar til faste stillingar ved Kronstad DPS. Stillingane inneber vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med psykiske lidingar, og oppstart er frå juni 2027 eller etter avtale.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 7 døgn siden
Sted
Bergen
Ansettelsesform
Heltid
Arbeidstid
38 t/uke
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
fra sommeren 2027
Nivå
Nyutdannet
Utdanning
Læreplass / yrkesfaglig utdanning
Påkrevde ferdigheter
  • Psykisk helsevern
  • Sjukepleie
  • Vernepleie
Goder
  • tjenestepensjon
  • fleksitid

Full beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe innan Psykisk helsevern.

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Kronstad DPS er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet.

DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem.

Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar.

Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid.

Kronstad DPS, Psykose døgn og Allmenn døgn har ledig følgande stillingar:

  • 100% stilling som sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg. Ein kan også få 3-delt turnus eller kun natt i sommarperioden.

Kandidatar vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Divisjon psykisk helsevern, pt i sommarturnus ved avdelinga. Frå hausten 2027 vil stillinga bli ved same avdeling eller ved annan avdeling i Divisjon psykisk helsevern.

O ppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 24/25 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet.

Søk på bedriftens nettsted