Hopp til innhold

Universitetslektor innen manuellterapi (20% ekstraerverv)

Sammendrag

Stillingen som universitetslektor i manuellterapi er en 4-årig åremålsstilling ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Hovedoppgavene inkluderer undervisning og veiledning av studenter, primært innen kvalifiseringsprogrammet for utenlandske kiropraktorer og manuellterapeuter.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 5 døgn siden
Sted
Bergen
Varighet
48 måneder
Arbeidstid
20%
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
fra tilsetjing
Nivå
Erfaren
Språk (påkrevd)
  • norskB2
Påkrevde ferdigheter
  • manuellterapi
  • undervisning
  • veiledning
  • klinisk praksis
  • utdanningsfagleg kompetanse
Goder
  • Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
Lønn
kr 655k–705k/yrBeløpet står i annonseteksten og er ikke tilgjengelig som strukturerte data

Full beskrivelse

Universitetslektor innen manuellterapi (20% ekstraerverv)

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Universitetslektor

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig åremålsstilling som universitetslektor (20 % ekstraerverv) i manuellterapi for ein periode på 4 år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fagområde for Helsevitskap (HELSEVIT).

Vi ser etter motiverte fagfolk som ynskjer å ta del i utdanninga av gode, framtidige manuellterapeuter. Undervisinga er først og fremst knytt til kvalifiseringsprogrammet for kiropraktorer og manuellterapistudenter med utdanning frå utlandet.

Det kan óg verte aktuelt at den som vert tilsett går inn i undervisninga innafor andre studieprogram som høyrer til under fakultetet, etter instituttet/fakultetet sine behov. Det vert forventa høg kvalitet i undervisningsarbeidet

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til undervisning i MANTPRIM 600 og KIROTRYGD 600
  • Oppfølging av studentar, planlegge og gjennomføre eksamen
  • Oppfølging av veiledere i klinisk praksis
  • Ta del i utvikling av studiekvalitet, til dømes implementering av nye læringsformer
  • Administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer
  • Deltaking i instituttet og fakultetet sine faglege aktivitetar

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • vere autorisert manuellterapeut
  • ha engasjement og interesse for undervisning
  • ha gode kommunikasjonsevner
  • gode samarbeidsevner
  • fylle krav til utdanningsfagleg kompetanse, eller skaffe seg dette innan to år frå tilsetjing

Det er i tillegg ønskeleg at søkjar

  • har undervisnings- og administrativ erfaring
  • har brei og relevant klinisk erfaring innan primærkontakrollen

Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.

Det er krav om utdanningsfagleg kompetanse tilsvarande 39 timar. Dersom ein ikkje har utdanningsfagleg kompetanse, må dette skaffast innan 2 år frå tilsetjing. Sjå meir på Enhet for læring.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Vi tilbyr

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 655 000 – 705 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Ei kort utgreiing om motivasjonen din for å søkje stillinga
  • CV
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved

● Fullstendig publikasjonsliste

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Silje Mæland, e-post: silje.maeland@uib.no. For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Thomas McGonagle Bentsen, e-post: thomas.bentsen@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

UiB - Collage - Generell Banner HR EXCELLENCE IN RESEARCH Om Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Søk på bedriftens nettsted