Hopp til innhold

Undervisningsstilling 100% vikariat

Sammendrag

Radøy ungdomskule søker en lærer til et 100% vikariat fra januar 2026. Stillingen innebærer undervisning i norsk, engelsk og spesialpedagogikk, samt bidrag til et inkluderende læringsmiljø.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 6 døgn siden
Sted
Manger
Ansettelsesform
Vikariat
Varighet
60 måneder
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
januar 2026
Utdanning
Bachelor
Språk (påkrevd)
  • norsk
Påkrevde ferdigheter
  • norsk
  • spesialpedagogikk
Goder
  • God pensjonsordning i SPK
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 691k–818k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Undervisningsstilling 100% vikariat

Radøy ungdomskule ser etter ein engasjert og dyktig lærar

Har du eit stort engasjement for ungdom og eit ønske om å utgjere ein skilnad?

Radøy ungdomsskule søkjer ein dyktig og engasjert lærar til eit 100% vikariat frå 01.01.2023-31.07.2027. Du vil få mogelegheit til å bli ein del av eit aktivt læringsmiljø som jobbar målretta for elevane sin trivsel og utvikling.

Radøy ungdomsskule ligg sentralt på Manger med nærleik til flott natur. Skulen har 28 tilsette som brenn for å skape ein god læringsarena for våre flotte elevar.

Alver kommune Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du få mogelegheit til å utøve verdas beste og viktigaste jobb – undervisning!

Du vil vere med på å skape eit inkluderande og støttande skulemiljø der elevane trivst og lukkast. Saman med våre engasjerte medarbeidarar vil du samarbeide om felles skuleutvikling og bidra til å leggje til rette for eit sterkt samarbeid mellom skulen og heimen.

Det er for tida ledig eit vikariat som lærar i 100% stilling frå januar 2026.

Aktuelle fag er norsk, engelsk og spesialpedagogikk. Noko av stillinga vil vere fast vikar til behov som oppstår.

Kvalifikasjonskrav

Vi ser etter ein lærar med godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse for ungdomsskulen. Du har sterke faglege og didaktiske kunnskapar. Du er ein tydeleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisninga til kvar einskild elev sine behov.

Det er ønskeleg med kompetanse i norsk, engelsk og spesial pedagogikk.

Kven er du?

Vi verdset eigenskapar som evna til å byggje sterke relasjonar til både ungdommar og vaksne. Fleksibilitet, løysingsorientering og samarbeidsvilje er viktige eigenskapar for å trivast i vårt dynamiske miljø. Du har høge ambisjonar for elevane, kollegaene og deg sjølv, og set alltid elevane sin trivsel og læring først.

Di positive haldning og gode humør vil bidra til ein inspirerande og energisk arbeidsplass. Du er ein tydleg og strukturert klasseleiar som evnar å tilpasse undervisning til kvar einskild elev sine behov.

Me tilbyr

  • Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit inkluderande og utviklingsorientert miljø.
  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til livet til mange
  • God pensjonsordning i SPK
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring!

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.

I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Politiattest

I tråd med opplæringslova § 10- 9vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Alver kommune Om Alver kommune

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.

Søk på bedriftens nettsted