Vi satsar på unge talent, i tillegg til å samarbeide med ulike skular om utplassering. Vi har over mange år vore ein aktiv deltakar i traineeprogrammet til Framtidsfylket – Karriere i Vestland. I 2025 har vi to traineear innan fagfelta IT og drift/leiing.
Ordninga er ein del av selskapet sin langsiktige rekrutteringsstrategi, og nokre av selskapet sine nøkkelressursar starta si karriere i Fjord1 via traineeprogrammet.
Vi har eit godt samarbeid med ulike maritime fagskular og vidaregåande skular med maritime linjer og har god erfaring med å ta imot skuleelevar til utplassering på fartøya.
Du som søker stilling som trainee: har utdanning på bachelor- eller masternivå har maksimalt tre års arbeidserfaring etter avslutta studiar beherskar norsk som arbeidsspråk har vilje og pågangsmot til å ta fatt på eit unikt år som vil krevje mykje av deg Framtidsfylket tilbyr deg: ein spennande jobb med eit nettverk av kompetansebedrifter fagleg og personleg utvikling innsyn i eit mangfoldig næringsliv som få kjenner til fire traineesamlingar og ein utanlandstur NB: Alle traineestillingane må søkast på gjennom Framtidsfylket!
Fjord1 AS, 6902 FLORØ.