Hopp til innhold

Sammendrag

Søker engasjerte vikarer for kvelds- og helgearbeid ved Vossestrand Omsorgstun. Jobben innebærer helhetlig pleie og omsorg for beboere, bidrag til trygghet og livskvalitet, samt samarbeid med kolleger og pårørende.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig
Sted
Voss
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Nivå
Nyutdannet
Goder
  • Verdifull erfaring og ny kunnskap
  • Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer som støttar og lærer bort
  • Moglegheit til å utvikla deg innan helsefag
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 492k–553k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Vil du ha ein meiningsfull jobb der ingen dagar er heilt like? Tilsetjing vil vera fortløpande i perioden

Vossestrand Omsorgstun treng fleire på laget! Me ser etter engasjerte vikarar som ønskjer å jobba kveldar og helgar, og som vil bidra til å skapa gode dagar for dei som bur hos oss. Enten du er student, elev, helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar eller berre nysgjerrig på arbeid innan helse og omsorg, vil me gjerne høyra frå deg.

Hos oss får du

  • Verdifull erfaring og ny kunnskap
  • Eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Dyktige kollegaer som støttar og lærer bort
  • Moglegheit til å utvikla deg innan helsefag

Me er stolte av verdiane våre og ser etter deg som er profesjonell, påliteleg og skapande. Du treng ikkje kunna alt frå før, men du må vera positiv, lærevillig og ha lyst til å jobba med menneske.

Om arbeidsplassen Vossestrand Omsorgstun ligg vakkert til ved Oppheimsvatnet, om lag 20 minutt frå Voss sentrum. Her møter du eit inkluderande arbeidsmiljø, fagleg engasjerte kollegaer og bebuarar som fortener den beste omsorga.

Omsorgstunet har

  • 16 langtidsplassar i institusjon
  • 9 omsorgsbustader med heildøgnsbemanning

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg pleie og omsorg for bebuarane våre
  • Bidra til tryggleik, aktivitet og livskvalitet i kvardagen
  • Samarbeid med kollegaer og pårørande
  • Turnusarbeid med kveld- og helgevakter

Klar for ein jobb som betyr noko? Søk då vel! Me gler oss til å bli kjent med deg.

Godkjent politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.