Hopp til innhold

Tilkallingsvikar til nattenesta

Sammendrag

Søker tilkallingsvikar til nattenesta ved Osterøytunet, som vil arbeide på alle avdelingar ved sjukeheimen og i utetenesta. Opplæring vil bli gitt, og arbeidsoppgåver inkluderer omsorg, pleie, bistand, rettleiing, miljøarbeid, praktiske oppgåver, dokumentasjon og rapportering.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· 03/02/2026
Sted
Valestrandsfossen
Ansettelsesform
Deltid
Arbeidsform
På stedet
Nivå
Nyutdannet
Søknadsfrist
2026-12-02
Språk (påkrevd)
  • norskFlytende
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 535k–626k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Tilkallingsvikar til nattenesta

Me søkjer tilkallingsvikar til nattenesta ved Osterøytunet

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, der kvar avdeling har 3–4 grupper med 9–10 bebuarar i kvar gruppe. Me har eige kjøkken og eigen lege, og tilbyr både korttids- og langtidsopphald.

Som nattevakt ved Osterøytunet vil du arbeide på alle avdelingar ved sjukeheimen, og du vil også vere ein del av utetenesta i kommunen. Du vil få grundig opplæring i dei arbeidsoppgåvene du blir sett til.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg omsorg og pleie
  • Bistand og rettleiing utfrå pasienten sine behov
  • Målretta miljøarbeid ved behov
  • Praktiske oppgåver i avdelingane
  • Dokumentasjon og rapportering

Kvalifikasjonskrav

  • Erfaring frå omsorgsarbeid, helsefag eller liknande er ein fordel
  • Gode kommunikasjonsevner og eit omsorgsfullt vesen
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Beherske norsk skriftleg og muntleg

Om du får tilbod om stilling må du legge fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
  • Lønn etter tariffavtale

Utsikt mot Haus Osterøy kommune

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen.

Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.