Hopp til innhold

Tilkallingsvikar som lærar

Sammendrag

Søker tilkallingsvikarer som lærere ved grunnskolene i Bjørnafjorden kommune. Arbeidsoppgavene innebærer arbeid med barn i grunnskolen, og det legges vekt på personlige egenskaper som positivt menneskesyn og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig
Sted
Os
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Nivå
Nyutdannet
Utdanning
Læreplass / yrkesfaglig utdanning
Språk (påkrevd)
  • norskC2
Påkrevde ferdigheter
  • norskkunnskaper
Goder
  • Gunstig pensjonsordning
  • yrkesskadeforsikring
  • gruppelivsforsikring

Full beskrivelse

Er du engasjert, vaksen og tydeleg og ønsker å vere med å forme den gode skulen i Bjørnafjorden?

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Bjørnafjorden kommune har fjorten barneskular og tre ungdomsskular. Vi ber deg oppgi om du er interessert i å jobbe ved alle skulane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva side av fjorden du vil jobbe.

Registrer CV-en din og fortel litt om deg sjølv. Skulen tar kontakt med deg når dei har behov for vikar.

Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.

Arbeidsstad Skulane i Bjørnafjorden kommune

Arbeidsoppgåver Arbeid med barn i grunnskulen

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som

  • har lærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning
  • er student
  • er du ufaglært og har interesse for arbeid med barn og unge er du også velkomen til å søke, og di tidlegare arbeidserfaring vil bli vurdert i høve til relevans.
  • utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir: Godkjenning av utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no)
  • søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som at

  • du har eit positivt menneskesyn
  • du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne, samt interesse for barn og unge.
  • du er positiv og lærevillig
  • du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i Storebrand: Offentlig tjenestepensjon - et verdifullt gode - Storebrand For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar - spesiell avlønning for studentar med relevant utdanning
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Søk på bedriftens nettsted