Hopp til innhold

Tilkallingsvikar assistent/barne- og ungdomsarbeidar Sæbø barnehage

Sammendrag

Sæbø barnehage søker tilkallingsvikarer som assistenter eller barne- og ungdomsarbeidere. Stillingen er timelønnet og krever at du er en tydelig voksen med et varmt hjerte, som trives i en hektisk hverdag og bidrar til barns utvikling.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 7 døgn siden
Sted
Sæbøvågen
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Nivå
Nyutdannet
Påkrevde ferdigheter
  • Teams
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 451k–496k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Tilkallingsvikar assistent/barne- og ungdomsarbeidar Sæbø barnehage

Sæbø barnehage søker nye tilkallingsvikarar!

Om stillinga

Sæbø barnehage har behov for nye tilkallingsvikarar! Me er ein koseleg, liten barnehage som held til i Austmarka, midt imellom Sæbø skule og Bunnpris.

Fargestifter Kulturskuleframsyning Om oss

Sæbø barnehage har tre avdelingar, ein småbarnsavdeling med barn frå 1-2 år, ein mellomavdeling med barn frå 2-3 år, og ein storbarnsavdeling med barn frå 3-6 år. Opningstida vår er frå 07:00-16:30.

Hos oss blir du ein del av eit sterkt fagleg fellesskap, og du får moglegheiten til å bidra til barns utvikling og læring. Du må vere ein tydeleg vaksen, med eit varmt hjarte i møte med barna. Du må like ein hektisk kvardag, og kunne ta i eit tak når det trengst. Viss dette høyrest ut som noko for deg, håpar vi at du sender oss ein søknad!

Arbeidsoppgåver

Delta i dagleg drift av avdelinga

Me tilbyr

Stillinga er timeløna. Løn ut frå kompetanse og erfaring.

Me er ein organisasjon i læring!

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.

Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Politiattest

I tråd med barnehagelova § 19, vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Alver kommune Om Alver kommune

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.

Søk på bedriftens nettsted