Sjukepleiar ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for oral kirurgi og oral medisin
Sjukepleiar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Sjukepleiar
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi er det ledig ei fast stilling som sjukepleiar (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg.
Seksjon for oral kirurgi og oral medisin utdannar tannlegar og spesialistar i oral kirurgi. Vi har eit dynamisk og aktivt miljø, og i tillegg til undervisning driv vi også med forsking, mellom anna på bruk av stamceller for å bygge kjevebein. Arbeidsmiljøet er godt.
Ved tilsetting vert det kravd politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver
- Ta del i operasjonsverksemd og poliklinisk verksemd i studentklinikken og spesialistklinikken
- Omsorg for pasientar
- Rettleiing og undervisning av tannlegestudentar, tannpleiarar og spesialistkandidatar
- Ved behov delta i drifta av seksjonens sterilsentral
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjar må ha utdanning og autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, gjerne operasjonssjukepleiar
- Erfaring frå undervisning/rettleiing er ønskjeleg
- For søkjarar utan spesialutdanning vert det kravd relevant erfaring
- Erfaring med verksemd innan oral kirurgi/kjevekirurgi er ein føremon
- Søkjar må beherske norsk munnleg og skriftleg og kunne kommunisere godt
Vi søkjer ein person som
- Er fleksibel og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kan planlegge og utføre eigne arbeidsoppgåver sjølvstendig, effektivt og nøyaktig, samt kunne jobbe godt i team
- Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- Liker å delta i undervisning
- Er positiv, engasjert, uredd og fleksibel og som raskt kan setje seg inn i nye oppgåver
Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er nødvendige for stillinga.
Vi kan tilby
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn er for tida kr 655 000 – 685 000 (kode 807). Løn er brutto per. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Cecilie Gjerde, tlf.: 986 98 405 eller e-post: cecilie.gjerde@uib.no For HR-relevante spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Ivar Øiestad, e-post: ivar.oiestad@uib.no
Ved tilsetjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjast fram, etter helsepersonelloven §20 a.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Universitetet i Bergen treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Illustrasjonsbilder fra det medisinske fakultet Logobanner HR EXCELLENCE IN RESEARCH Om Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.