Hopp til innhold

Sammendrag

Sjukepleiarar søkjast til faste heiltidsstillingar ved Voss sjukehus, med oppstart sommaren 2027. Stillingane er fordelt på medisinsk sengepost, kirurgisk/ortopedisk sengepost, og eit traineeprogram for nyutdanna.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 18 døgn siden
Sted
Vossevangen
Ansettelsesform
Heltid
Arbeidstid
38 t/uke
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
sommaren 2027
Nivå
Nyutdannet
Utdanning
Bachelor
Goder
  • fleksitid

Full beskrivelse

Vil du ha fagleg breidde, tett samarbeid og ansvar – utan å forsvinne i mengda på eit stort sjukehus?

Ved Voss sjukehus får du vere sjukepleiar i ordets rette forstand: tett på pasienten, tett på kollegaene og tett på avgjerdene. No søkjer me sjukepleiarar i faste heiltidsstillingar frå sommaren 2027 til:

  • Medisinsk sengepost
  • Kirurgisk/ortopedisk sengepost
  • Traineeprogram for nyutdanna sjukepleiarar

👉 Oppgje i søknaden kva stilling(ar) du søkjer, i prioritert rekkjefølgje.

Kvifor velje Voss sjukehus?

  • Lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde og gynekologi
  • Høg aktivitet og variert pasientgrunnlag
  • Tett fagleg samarbeid med Haukeland universitetssjukehus
  • Kort veg frå idè til handling
  • Natur, friluftsliv og kulturliv rett utanfor døra
Søk på bedriftens nettsted