Hopp til innhold

Sjukepleiar 100 % vikariat

Sammendrag

Årdal omsorgssenter søker en sykepleier for et 100% vikariat fra 01.01.2027 til 31.12.2027. Stillingen innebærer tredelt turnus med helgearbeid og arbeidsoppgaver som stell, pleie, observasjon, dokumentasjon og medisinsk-teknisk utstyr.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig
Sted
Hjelmeland
Ansettelsesform
Vikariat
Varighet
12 måneder
Arbeidstid
37 t/uke
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
1. januar 2027
Nivå
Nyutdannet
Utdanning
Læreplass / yrkesfaglig utdanning
Språk (påkrevd)
  • norskB2
Påkrevde ferdigheter
  • VAR sjukepleieprosedyrar
  • medisinsk teknisk utstyr
  • data/fagsystem
Goder
  • pensjon
  • forsikringsordning
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 669k–730k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Årdal omsorgssenter har ledig eit 100 % vikariat som sjukepleiar frå 01.01.2027 til 31.12.2027.

Stillinga inneber tredelt turnus med helgearbeid.

Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssentret har to avdelingar, ei somatisk avdeling med 13 langtidsplassar og ei demens avdeling med 8 langtidsplassar.

Sjukepleiar som er nyutdanna eller har mindre en 10 år ansiennitet får ei garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet.

Arbeidsoppgåver

  • delta i stell, pleie og daglege gjeremål
  • observasjonar og dokumentasjonsarbeid
  • bruke VAR sjukepleieprosedyrar og veilederen aktivt
  • tverrfagleg samarbeid /samhandling med andre faggrupper
  • handtera medisinsk teknisk utstyr og prøvetakninger
  • ta vare på brukarane sine individuelle behov

Kvalifikasjonar

  • søkjer må ha norsk autorisasjon
  • språkkrav minimum B2 nivå
  • førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav

Me søkjer etter ein person som

  • bidrar aktivt til eit godt miljø
  • kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre i eit tverrfaglig team
  • har fokus på dokumentasjon og god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
  • er positiv og motivert
  • er fleksibel og løysningsorientert
  • er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak

Me tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
  • løn etter gjeldande avtaleverk
  • pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
  • ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

Politiattest Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess

Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her. Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen. Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

Søk på bedriftens nettsted