Seniorrådgjevar/rådgjevar informasjonssikkerheit
Bli med i Tussa IKT og jobb med informasjonssikkerheit!
Tussa
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med om lag 330 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa IKT
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 115 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet.
Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven. Selskapet er ISO 27001-sertifisert, ISO 14001-sertifisert og er Microsoft AI Cloud Partner.
Hos oss får du
Som seniorrådgjevar/rådgjevar informasjonssikkerheit i Tussa får du vere med og forme eit fagområde i utvikling. Du blir ein viktig del av fagmiljøet vårt, samstundes som du får sterk påverknad på korleis vi vidareutviklar Tussa IRT (Incident Response Team) og dei kunderetta sikkerheitstenestene våre.
Du får
- Varierte oppgåver innan informasjonssikkerheit, beredskap og rådgjeving
- Jobbe tett med dyktige kollegaer og kundar
- Fagleg utvikling og høve til å byggje vidare på kompetansen din
- Stor grad av sjølvstende og tillit i arbeidskvardagen
- Dokumentert godt arbeidsmiljø
- Ta del i Tussa sine mange velferdsordningar, som t.d. treningstilbod, lån av hytter, kunstklubb og sosiale arrangement
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
Vil du hjelpe kundane våre med å førebygge, handtere og lære av digitale sikkerheitshendingar?
Vi styrkjer satsinga vår innan informasjonssikkerheit, beredskap og sikkerheitsleiing og ser etter ein rådgjevar som kan kombinere fagleg tyngde med praktisk og kunderetta arbeid.
I denne rolla får du ei sentral oppgåve i å vidareutvikle beredskapsarbeidet vårt og leie det operative arbeidet i Tussa IRT (Incident Response Team). Samstundes skal du arbeide tett med kundane våre med rådgjeving innan sikkerheitsleiing, risikostyring og ISMS.
Nokre av arbeidsoppgåvene vil vere
- Operativt ansvar for Tussa IRT og bidra til å utvikle teamet gjennom trening, øvingar, metodikk og gode verktøy
- Beredskapsarbeid og beredskapsøvingar for kundar
- Støtte kundar ved sikkerheitshendingar
- Gi råd om sikkerheitsleiing og risikostyring
- Arbeide tett med leiarar og avgjerdstakarar hos kundane våre
- Bidra med fagleg støtte i kundedialogar og sal av sikkerheitstenester
- Bidra til å vidareutvikle tenestene våre innan informasjonssikkerheit og beredskap
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har kompetanse og erfaring innan eitt eller fleire av desse områda:
- Sikkerheitsleiing, beredskap og handtering av hendingar
- IT-sikkerheit og sikring av IT-miljø
- Kompetanse innan sikring av Microsoft-skymiljø er ein fordel. Det same gjeld god forståing for kunstig intelligens
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
For å lukkast i rolla trur vi at du
Dette er ei rolle for deg som trivst i skjeringspunktet mellom teknologi, sikkerheit, beredskap og menneske.
- Trivst med å arbeide ute hos kundar
- Kommuniserer godt med både tekniske fagmiljø og leiarar
- Har evne til å gjere kompliserte sikkerheitsproblem forståelege og handterbare
- Arbeider sjølvstendig og tek ansvar for framdrift, men likar samstundes å samarbeide og dele kompetanse
- Er strukturert og god til å planleggje og prioritere
- Skaper tillit og byggjer gode relasjonar
- Held hovudet kaldt når situasjonen krev raske og gode vurderingar