Hopp til innhold

Røkter i Herdlefjorden

Sammendrag

Som røkter i Herdlefjorden vil du være ansvarlig for røkting av ørret og drift av et oppdrettsanlegg. Arbeidsoppgavene inkluderer planlegging, dataregistrering og rapportering, samt tett samarbeid med fôrsentralen.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 6 døgn siden
Sted
Meland
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Nivå
Nyutdannet
Utdanning
Læreplass / yrkesfaglig utdanning
Påkrevde ferdigheter
  • Røkting av ørret
  • Drift av et oppdrettsanlegg
  • Planlegge arbeidsoppgaver
  • Løse ulike utfordringer
  • Registrering av data
  • Rapportering
Goder
  • Arbeid i ei framtidsretta og spennande næring
  • Ein arbeidskvardag med både biologi og teknologi
  • Eit godt arbeidsmiljø
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 399k–522k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd som vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; ein av pionerane i Noreg innan oppdrett av laks og aure. Selskapet har hovudkontor i Blomvågen i Øygarden kommune, 45 min køyretur frå Bergen sentrum.

Me disponerer i dag 8 konsesjonar for laks og aure på lokaliteter i Måløy, Radøy, Meland, Fensfjorden og Øygarden, samt fire settefiskkonsesjonar, ein på Askøy og tre i Øygarden kommune. I dag er det omlag 70 tilsette i selskapet. Vil du være med å produsere berekraftig mat som vert sendt ut til heile verden?

No søkjer me etter ny medarbeidar som kan bidra til å røkte fisk på lokaliteten vår i Herdlefjorden.

Som røkter hos oss blir du satt til å løyse spennande utfordringar saman med andre røktarar i teamet i Herdlefjorden. Ingen dagar er like og du vil møte mange ulike utfordringar. Du får følge heile produksjonen frå den vert frakta frå land og satt i sjø, videre ut gjennom produksjonen, og fram til slakt, samt alle operasjonar som er nødvendig før, under og etter eit utsett.

Som røkter vil du kunne få ulike ansvarsoppgåver knytt til produksjon og drift av eit anlegg. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men samtidig bistå andre om nødvendig. Produksjon av fisk er ein biologisk prosess og mykje kan endra seg fort. Fleksibilitet og evne til å prioritere rett er viktig. Dersom dette høyrast spennande ut, oppmodar me deg til å søkje!

Me har ein lokalitet i Herdlefjorden med ørret, Kjeppevikholmen. Fôring på lokaliteten vert i hovudsak styrt frå ein fôrsentral i Øygarden av dyktige operatørar som du vil arbeida tett med. Fôrsentralen er avhengig av god forståelse av situasjonen på merdkanten og deira utstyr må fungere. Derfor er det viktig med eit godt samarbeid mellom lokaliteten og fôrsentralen slik at alle kan få større innsikt, spele kvarandre gode og hjelpe kvarandre.

Evne til samarbeid, løyse utfordringar, kommunisere og tileigne seg ny kunnskap er viktig for å jobbe som røkter. Me trenger fleire som kan være med å løfte dette samarbeidet og styrke dette teamet. Kanskje er du den me ser etter?

Arbeidsoppgåver

  • Røkting av ørret
  • Drift av eit oppdrettsanlegg
  • Planlegge arbeidsoppgåver og løyse ulike utfordringar
  • Registrering av data og rapportering

Din kompetanse/erfaring

  • Fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur er ønskeleg
  • Relevant arbeidserfaring er naudsynt
  • Forståelse for biologi og teknologi

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å kommunisere og samarbeide
  • Strukturert, sjølvstendig og god på planlegging av arbeid
  • Evne til å ta til seg kunnskap og lærdom av andre, samt formidle vidare

Me tilbyr

  • Arbeid i ei framtidsretta og spennande næring
  • Ein arbeidskvardag med både biologi og teknologi
  • Eit godt arbeidsmiljø i vakre Herdlefjorden

Ved eventuelle spørsmål til stillingen, ta kontakt med Robert Mikkelsen. Tlf: 56 38 50 60.