Hopp til innhold

Ringevikar Vaksenopplæringa, Kinsarvik

Sammendrag

Vaksenopplæringa i Kinsarvik søker ringevikar for norskopplæring, førebuande opplæring for vaksne og kurs i samfunnskunnskap. Undervisninga er på nynorsk.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· 20/10/2026
Sted
Kinsarvik
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Nivå
Nyutdannet
Utdanning
Videregående skole
Språk (påkrevd)
  • norskFlytende
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 691k–744k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Vaksenopplæringa i Kinsarvik treng ringevikar snarast

Vaksenopplæringa i Kinsarvik tilbyr norskopplæring, førebuande opplæring for vaksne ( grunnskulefag ) og kurs i samfunnskunnskap, undervisninga er på nynorsk.

Du bør ha vidaregåande skule og gjerne undervisningserfaring.

Om dette er noko du kan tenkje deg, ikkje nøl med å søkja. Fortløpande tilsetjing.

Til orientering om Offentleglova

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling. For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.

I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak: "Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det.

Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/