Hopp til innhold

Ringevikar i Barnehage

Sammendrag

Søker ringevikarer til barnehage for å skape en god og trygg hverdag for barna. Arbeidsoppgaver inkluderer å være til stede for barna, engasjere seg i lek, passe på at ingen faller utenfor, sette seg inn i rutiner og utføre andre praktiske oppgaver.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig
Sted
Barnehagane i Vaksdal kommune
Ansettelsesform
Deltid
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Løpande
Nivå
Nyutdannet
Goder
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 451k–496k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Ringevikar i Barnehage

Om stillinga

Vi søkjer ringevikarar til barnehage som ynskjer å vera med å skapa ein god og trygg kvardag for borna.

Du vil motta svar på at søknaden er motteken, søknadande vil bli behandla fortløpande og når leiarane har behov for vikar vil dei gå gjennom søkarane og ta kontakt med søkarar dei finn aktuelle.

Arbeidsstad Barnehagane i Vaksdal kommune.

Arbeidsoppgåver

  • Vere til stades for barna
  • Vere engasjert i barna sin leik inne og ute
  • Passe på så ingen fell utafor leiken
  • Sette deg godt inn i alle rutinar
  • Andre praktiske oppgåver
  • Ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert Krav til kompetanse
  • Du må være ein påliteleg, open og ærlig person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men og har evne til å samarbeide med kollegaer.
  • Erfaring frå barnehage/skule/SFO er ein føremon.
  • Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre.
  • Vi oppmodar òg menn til å søkja.
  • Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Vaksdal kommune kan tilby
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk...

(Video unable to load from YouTube. Accept cookie and refresh page to watch video, or click here to open video)

Om oss

Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen.

Det er enkelt å reisa hit med tog og bil. Vaksdal kommunale barnehage består av barnehagane Vaksdal, Knutatunet/Stanghelle og Dale og oppveksttun på Stamnes og Eksingedalen og alle er godkjend for barn i alderen 1-5 år.

Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.

Spørsmål om stillinga

Gunn Elisabeth Melgård Aase

Einingsleiar barnehage, kultur og inkludering

41233585 gunn.melgard.aase@vaksdal.kommune.no

Søknadsfrist

Løpande

Arbeidsgivar

Vaksdal kommune

Kommune

Omfang

Deltid (4 stillingar) Deltid (%)

Varigheit

Ekstrahjelp

Arbeidsstad

Lastar...

Søk på bedriftens nettsted