Om arbeidsplassen Nav Sveio er eit lokalt Nav-kontor med 12 medarbeidarar og ein del av region Nav Sunnhordland. Hos oss blir du ein del av eit tett og inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, kunnskapsdeling og engasjement for samfunnsoppdraget står sentralt. Saman med kollegaer i Nav Stord, Nav Fitjar, Nav Bømlo, Nav Kvinnherad og Nav Tysnes utgjer vi eit fagleg sterkt fellesskap som arbeider for inkludering, deltaking og fleire i arbeid.
Om stillinga I Nav Sveio møter me menneske med ulike ressursar, mål og utfordringar. Me trur på at dei fleste, med rett støtte og gode moglegheiter, kan finne sin plass i arbeidslivet. No ser me etter to engasjerte rettleiarar som deler denne trua og som ønskjer å bidra til at fleire kjem i arbeid eller utdanning.
Stillingane er knytt til oppfølgingsteamet, der du i hovudsak skal følgje opp personar som søkjer om eller får arbeidsavklaringspengar (AAP). Arbeidet handlar om å sjå moglegheiter saman med den enkelte, avklare behov og ressursar og finne gode vegar vidare mot arbeid, utdanning eller annan arbeidsretta aktivitet.
Som rettleiar får du ein variert arbeidskvardag med oppfølging, rettleiing og sakshandsaming. Du samarbeider tett med brukarar, arbeidsgivarar, behandlarar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Du må trivast med å møte menneske i ulike livssituasjonar og kunne balansere god relasjonsbygging med krav til framdrift, kvalitet og korrekt forvaltning.