Hopp til innhold

Reinhaldsassistent/Reinhaldar

Sammendrag

Hospitaldrift Reinhald har ledig 100% fast stilling som Reinhaldsassistent/Reinhaldar frå 1. Januar 2027. Stillinga inneber å utføre reinhaldsoppgåver ved Haukeland universitetssjukehus, inkludert dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 25 døgn siden
Sted
Bergen
Ansettelsesform
Heltid
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
1. januar 2027
Nivå
Nyutdannet
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 456k–472k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Hospitaldrift Reinhald har ledig 100% fast stilling som Reinhaldsassistent/Reinhaldar frå 1. Januar 2027.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.