Hopp til innhold

Sammendrag

Vi søker en rådgiver for bevaring og tilgjengeliggjøring av fotoarkiv fra Møre og Romsdal. Stillingen innebærer forvaltning, ordning, systematisering, digitalisering og formidling av fotomateriale.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 19 døgn siden
Sted
Ålesund
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Nivå
Erfaren
Utdanning
Læreplass / yrkesfaglig utdanning
Førerkort
Ja
Påkrevde ferdigheter
  • Photoshop
  • Lightroom
  • Imaging Edge
  • Microsoft Office
  • Excel
  • sak/arkivsystem
Goder
  • fleksitid
  • pensjons- og forsikringsordning
  • gunstige bustadlån
  • betalt lunsjpause
  • bedriftshelseteneste
  • gratis parkering
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 742k–1091k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Rådgivar fylkesfotoarkivet

Bli med i vårt team! Vi søker ein rådgivar for bevaring av fotoarkiv. Kommunikasjon og samarbeid er nøkkelen!

Om stillinga

Vi søker ein dyktig og initiativrik rådgivar for fotoarkiv som brenn for digital utvikling. Den som blir tilsett vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med forvaltning, utvikling og tilgjengeleggjering av fotohistoria frå Møre og Romsdal. Stillinga som rådgivar for Fylkesfotoarkivet inngår i avdeling for Kulturtenester.

Arbeidsoppgåvene

  • Gi råd i bevaring av foto
  • Forvaltning og bevaring av fotoarkiv frå Møre og Romsdal
  • Ordning og systematisering av fysiske og digitale foto, samt påføre metadata og gjere materialet tilgjengeleg på nett og for publikum
  • Arbeid i fotoarkiv
  • Bidra til vidareutvikling av løype for mediekonvertering (digitisering/formatkonvertering) og metadataberiking av foto
  • Samarbeide på tvers og elles delta i oppgåver som ligg til avdeling for Kulturtenester sitt ansvarsområde
  • Oppfølging av eksternt finansierte prosjekt
  • Munnleg og skriftleg formidling av arbeid og arkivmateriale må reknast med

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som har

  • utdanning innan foto, til dømes fagskule/fagbrev, eller relevant femårig høgare utdanning (betydeleg relevant realkompetanse kan kompensere for manglande formell kompetanse; realkompetanse (knytt til bl.a. bevaringsoppgåver) må kunne dokumenterast)
  • erfaring innan rådgiving, forvaltning og bevaring av fotomateriale
  • erfaring frå arbeid med fotoarkiv, fotojus, registrering, digitisering og metadataberiking
  • erfaring med Photoshop, Lightroom, Imaging Edge eller tilsvarande
  • erfaring i ulike verktøy som MS Office, Excel, sak/arkivsystem
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsevner: Evne til å lytte, dele informasjon, respektere meiningane til andre og samarbeide godt for å nå felles mål
  • Samarbeide i prosjekt med tilsette, museum og frivillige
  • Sjølvstende: Evne til å ta ansvar, ta eigne avgjerder og strukturere arbeidet
  • Problemløysingsevne: Vere løysingsorientert, analytisk og evne å sjå konstruktivt på utfordringar som oppstår
  • Kommunikasjonsevner: Kunne formidle bodskap klart og tydeleg, tilpasse seg ulike målgrupper og skape god dialog
  • Omstillingsevne (fleksibilitet): Vere open for endringar, kunne tilpasse seg nye situasjonar og lære nye ting raskt

Vi tilbyr

  • ein plass i eit sterkt fagmiljø med engasjerte og hyggelege kollegaer, der vi legg vekt på ansvar og tillit, god rettleiing og eit godt arbeidsfellesskap
  • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver med store moglegheiter til å påverke fagfeltet og eigen arbeidskvardag
  • fleksitid og pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP Pensjonskasse, som også kan tilby gunstige bustadlån
  • lønn etter avtale
  • betalt lunsjpause
  • bedriftshelseteneste
  • per i dag moglegheit for gratis parkering

Spørsmål om stillinga?

Om denne stillinga høyrest interessant ut, må du gjerne ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.

  • Avdelingsleiar Jan Aakvik, mobil: 916 25 091eller dagleg leiar Jesper Sode Hansen på mobil: 920 28 104.

Om oss

Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKA Møre og Romsdal) er eit eige selskap (IKS) som vart oppretta i april 2000. IKA Møre og Romsdal er eigd av fylkeskommunen og alle kommunane i fylket, samt Rindal i Trøndelag.

IKA Møre og Romsdal arbeider med problemstillingar knytt til dokumentasjonsforvaltninga til eigarane. I tillegg ligg kulturtenestene Fylkesfotoarkivet, Privatarkivordninga og Fylkessenter for digitisering av kulturarven (SEDAK) hos oss.