Hopp til innhold

Psykologspesialist/psykolog

Sammendrag

Vi søker en psykologspesialist/psykolog til TSB-poliklinikken i Bergen og Bjørgvin fengsel for å tilby utredning og behandling til innsatte med rus- og avhengighetsutfordringer. Stillingen innebærer variert klinisk arbeid, tverrfaglig samarbeid og bidrag til utvikling av behandlingstilbudet.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 6 døgn siden
Sted
Hylkje
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Nivå
Erfaren
Utdanning
Master
Påkrevde ferdigheter
  • rus- og avhengighetsutfordringer
  • psykiske helseutfordringer
  • tverrfaglig samarbeid
Goder
  • fagleg utvikling
  • rettleiing
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 799k–1175k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Vil du vere med å vidareutvikle TSB-poliklinikken i Bergen og Bjørgvin fengsel?

Vi søker ein engasjert psykologspesialist/psykolog som ønsker ein variert og fagleg utfordrande arbeidskvardag, og som vil bidra til å skape eit godt og tilpassa behandlingstilbod for innsette.

I samarbeid med Kriminalomsorga har vi etablert ein TSB-poliklinikk som tilbyr utgreiing og behandling til innsette med rus- og avhengigheitsutfordringar. Poliklinikken har arbeidsstad i både Bergen fengsel og Bjørgvin fengsel.

Hos oss vil du møte ei pasientgruppe med samansette utfordringar, der ruslidingar og psykiske helseutfordringar ofte heng tett saman. Arbeidet gir rom for varierte kliniske problemstillingar, tverrfagleg samarbeid og faglege vurderingar i ein behandlingskontekst som skil seg frå ein ordinær poliklinikk.

Vi ønsker å nytte fengselsopphaldet som ein arena for endring og behandling, og bidra til gode og samanhengande pasientforløp gjennom samarbeid med kommune- og spesialisthelsetenesta, også etter lauslating.

Rus- og avhengigheitsklinikken har ca. 600 medarbeidarar og består av Seksjon LAR, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, både innan akutt- og planlagd behandling.

Klinikken er i ei spennande utvikling, mellom anna knytt til aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar og fagleg integrasjon med psykisk helsevern.

Forskingseksjonen i Rus- og avhengigheitsklinikken har fleire spennande forskingsprosjekt i LAR og deltar blant anna i den nasjonale følgeforskinga på HAB og forsking på substitusjon med amfetamin.

TSB-poliklinikk Bergen og Bjørgvin fengsel er ein eigen seksjon, organisatorisk plassert under Seksjon LAR. LAR har 120 tilsette og er fordelt på fem poliklinikkar i ulike bydelar, samt HAB. Seksjonane er tverrfagleg samansette med psykologar, legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og sosionomar.

Poliklinikken består av seksjonsleiar, psykologspesialist, sjukepleiarar/vernepleiarar og lege. Vi er eit lite, tverrfagleg team som samarbeider tett om pasientbehandlinga og utviklinga av tilbodet. Som psykolog hos oss vil du få moglegheit til å påverke både det faglege innhaldet og korleis vi organiserer arbeidet vidare.

Det blir lagt til rette for fagleg utvikling og rettleiing saman med psykologar ved dei andre LAR-poliklinikkane. Vi har også eit nært samarbeid med Kriminalomsorga, sosialkonsulentane og helseavdelingane i fengsla og Seksjon for fengselspsykiatri.

Søk på bedriftens nettsted