Hordaland søker journalistar Hordaland blei etablert i 1883 og har sidan då opplyst og engasjert folk på Voss og i nabokommunane. Avisa har eit opplag på 7.400, og redaksjonen tel 13 tilsette. Amedia er Noregs største utgjevar av redaktørstyrte medium og eit leiande nordisk mediekonsern. Amedia eig Berlingske Media i Danmark og har over 150 deleigde aviser og partnarar i Noreg, Sverige og Danmark.
Dagleg når dei 108 norske avisene våre meir enn to millionar lesarar. Konsernet har 2.100 tilsette i Noreg og omsette i 2024 for 4 milliardar kroner.
Amedia er i fleire år kåra til ein av landets mest attraktive arbeidsgjevarar og er sertifisert som Great Place To Work. Sertifiseringa stadfestar at medarbeidarane opplever organisasjonen som ein god stad å arbeide. På Voss er det sjeldan stille.
Her møtest lokalpolitikk, reiseliv, ekstremsport, næringsliv og eit levande bygdeliv – og midt i smørauget sit Hordaland. Sidan 1883 har me vore den viktigaste kjelda til nyheiter, debatt og gode historier for folk på Voss og i nabokommunane. I ei avis som Hordaland betyr journalisten noko ekstra for lokalsamfunnet.
Hos oss kjem du tett på både makt og menneske, har kort veg til kjeldene og merkar med ein gong når ei sak treffer blink. Med 13 gode kollegaer og eit opplag på 7.400 er me store nok til å setja dagsorden, og små nok til at vegen frå idé på morgonmøtet til lesarane er kort.
Som journalist i Hordaland får du bryna deg på alt frå kjappe nyheitssaker og kritisk journalistikk, til varme portrett og kvardagsliv. Me heiar på deg som vil testa ut nye forteljargrep for å nå endå fleire lesarar.
No skal me ha tak i to journalistar: Ei fast stilling og eit vikariat ut 2027. Me vil ha tak i deg som..: … har nase for gode nyheiter og jobbar sjølvstendig med eigne idear… trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og raske val… er uredd og brenn for journalistikk som avslører, opplyser og engasjerer… har evne til å skapa og formidla innhald som treffer nye målgrupper… skriv stødig og levande nynorsk, har førarkort for bil og jobbar frå VossVil du vera eit friskt pust i ei av landets beste lokalaviser?
Då bør du søka. Spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med nyheitsredaktør Terje Hjartnes på 928 53 896 eller klubbleiar Ørjan Brattetveit på 416 23 262. Søk på stilling Om denne stillingen Arbeidsgiver: Avisa Hordaland Nettside: https://amedia.no/jobb-hos-oss Søknadsfrist: 2026-12-01 Tittel: Nyheitsjournalist Sektor: Privat Ansettelsesform: Fast stilling Stillingstype: Fast Omfang: Turnus Antall stillinger: 1 Pia Michelle Minker Senior HR Partner [email protected] +4791522905 Øystein Silde Frønsdal [email protected] +4746898258 Terje Hjartnes Nyhenderedaktør [email protected]