Søk no!
Stadig fleire får augene opp for den høge grada av innovasjon og utvikling som er nødvendig for å oppnå ein meir sirkulær økonomi, og fleire unge ser til gjenvinningsbransjen i valget av yrkesretning.
Få etterspurt kompetanse
Som lærling hjå oss får du ei unik moglegheit til å lære om sirkulær økonomi i praksis, utvikle ferdigheitene dine og sikre deg verdifull erfaring i ein bransje med stor etterspurnad etter dyktige fagfolk.
Dette får du lære
- Korleis avfall blir til verdifulle ressursar
- Maskinkøyring (gravemaskin, hjullastar, truck)
- Transport og logistikk
- Sortering og behandling av avfall
- Kundekontakt og service
- HMS og tryggleik i praksis Les meir om faget her: Udir - Gjenvinningsfaget
Arbeidsoppgåver
- Sørge for at avfall blir sortert og gjenvunne på rett måte
- Ta imot, sortere og emballere farleg avfall
- Hjelpe kundar og veilede besøkande på miljøstasjonen
- Køyre maskiner på anlegget
- Bidra til ein trygg og effektiv arbeidskvardag
- Halde orden på miljøstasjonar Vi tilbyr:
- Grundig opplæring av erfarne fagfolk
- Gode vilkår, forsikrings- og pensjonsordningar
- Gode moglegheiter for fast jobb etter læretida
- Vidareutvikling, kurs og sertifikater
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer Kven ser vi etter?
- Du har førarkort klasse B
- Du har gått VG2 teknisk eller tilsvarande
- Du er engasjert, lærevillig og likar fysisk arbeid
- Du trivst med å jobbe ute og saman med andre
- Du kommuniserer godt og gir god service Vi oppfordrar spesielt kvinner til å søkje – bransjen treng fleire flinke damer!