Hopp til innhold

Kokk på Vitengarden

Sammendrag

Kokk på Vitengarden vil lage og presentere mat til kafé, selskap og arrangement, utvikle menyer, planlegge og gjennomføre arrangement, samt lære opp og følge opp helgeverter. Stillingen kan utvikle seg til hovedansvar for kafé- og kjøkkendrift.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 12 døgn siden
Sted
Nærbø
Ansettelsesform
Heltid
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Nivå
Erfaren
Utdanning
Læreplass / yrkesfaglig utdanning
Språk (påkrevd)
  • norskFlytende
Påkrevde ferdigheter
  • HACCP
  • NORES-avtale
Goder
  • forsikringsordninger
  • pensjonsordninger
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 442k–560k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Kokk på Vitengarden

Liker du å utvikla, påverka og ta ansvar?

Kokkestilling med litt meir på menyen

Er du glad i kokkefaget, men klar for ein kvardag som ikkje alltid følgjer same oppskrift? På Vitengarden vekslar du mellom kafédrift, bryllaup, konfirmasjonar, aktivitetsdagar og arrangement for alt frå 10 til 300 gjester. Du er ikkje berre med på førebuingane.

Du er med og gjennomfører, og ser resultatet når gjestene set seg til bords. Nokre gonger skal maten òg spela på lag med temaet for dagen eller ei ny utstilling. Smak og presentasjon skal sitja, anten det er eit kurs, ein enkel lunsj eller festmiddag til fullt hus.

Arbeidstida er i hovudsak på dagtid måndag til fredag, med kveld- og helgearbeid når me har selskap og arrangement. I helgene blir kaféen i stor grad driven av vertane våre. Dei serverer også i bryllaup og andre selskap, og kan avlasta på kjøkkenet i feriar og på fridagar. Du får derfor ei viktig rolle i å gje dei god opplæring, tydelege rutinar og nødvendig oppfølging.

Du blir ein del av eit lag med pedagogar, teknikarar, gardsstyrar, butikkansvarleg, reinhaldarar og andre faggrupper. Her er kjøkkenet ein del av heile Vitengarden, ikkje ei verd for seg sjølv. For den rette personen kan stillinga utvikla seg til eit hovudansvar for kafé- og kjøkkendrifta, med god overlapping frå dagens kaféansvarleg.

Dette får du jobba med

Hjå oss får du bruka kokkefaget breitt, og me set vår ære i å laga mest mogleg av maten frå botn av.

  • Laga og presentera mat med god smak og kvalitet til kafé, selskap, bryllaup, aktivitetsdagar og andre arrangement
  • Utvikla menyar og mattilbod med rom for lokale råvarer og jærsk matkultur
  • Planleggja menyar med kundar og gjennomføra arrangement saman med vertar og kollegaer
  • Oppfølging av bookingsystemet ved bryllaup, selskap og andre arrangement
  • Læra opp og følgja opp vertane som driv kaféen i helgene og feriane og som hjelper til ved arrangement
  • Kalkulera prisar og sikra god kvalitet, fornuftig råvarebruk og lønnsam drift
  • Følgja opp innkjøp, varelager, HACCP og NORES-avtale
  • Bidra med catering til andre anlegg i Jærmuseet og samarbeida med kokkane på Vitenfabrikken

På sikt kan du få eit større ansvar for økonomi, innkjøp og vidareutvikling av heile kafé- og kjøkkentilbodet på Vitengarden.

Vitengarden - borddekking Vitengarden – opplevingar for heile familien

Vitengarden er eit kombinert museum og vitensenter der store og små kan læra ved å gjera. Her kan gjestene utforska naturvitskap, teknologi og matproduksjon gjennom utstillingar og aktivitetar som inviterer til nysgjerrigheit, leik og praktisk prøving.

Midt i det jærske kulturlandskapet på Nærbø møter ein både moderne utstillingar og museumsgard. Her kan ein finna ut kor maten kjem frå, bli kjend med dyra på garden og oppleva samanhengen mellom natur, teknologi og kvardagsliv – frå jord til bord.

Vitengarden er ein del av Jærmuseet og er ein populær møteplass for familiar, skuleklassar og grupper som vil utforska og oppleva saman.

Kva bør søknaden din innehalda?

For at me skal få eit best mogleg grunnlag for å vurdera deg som kandidat, rår me deg til å inkludera dette i søknaden:

  • Korleis oppfyller du kvalifikasjonskrava og dei ønskte eigenskapane som står i utlysingsteksten?
  • Kva er motivasjonen din for å søkja på denne stillinga, og kvifor ønskjer du å arbeida akkurat hjå oss?
  • Utfyllande og relevant CV - me vil råda deg til å bruka CV-skjemaet som er tilgjengeleg i JobbNorge.
  • Har du relevant erfaring frå andre jobbar eller frivillige verv?
  • Anna som du meiner er relevant for stillinga eller vurderinga av søknaden din.
  • Du må gjerne bruke KI som støtte på vegen, men sørg for at søknaden speglar deg, ikkje ein maskin. Me vil bli kjent med mennesket bak ideane.

Me ser etter deg som

Har følgjande kvalifikasjonar

  • Fagbrev som kokk
  • Relevant erfaring frå kjøkken, restaurant, hotell, catering eller selskapsservering
  • Erfaring med, og interesse for, planlegging og gjennomføring av selskap og arrangement, og liker å vera med når det faktisk skjer
  • Forstår råvarekostnad, kalkulasjon, prissetjing og lønnsam drift
  • Kjenner HACCP og krava til trygg og god kjøkkendrift
  • Kommuniserer godt med kollegaer, kundar, gjester og vertar
  • Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (gjerne nynorsk)

Kjennskap til jærsk mattradisjon og lokale råvarer er ein fordel. Me vil gjerne at historien vår òg skal kunne opplevast gjennom det me serverer.

Vitengarden - tapas og sau Dette tilbyr me

  • Ein variert kokkejobb med god plass til idear og påverknad
  • Arbeidstid som i hovudsak er på dagtid måndag til fredag, med arbeid ved enkelte arrangement på kveldar og i helger
  • Høve til å arbeida med lokale råvarer, jærsk matkultur og mat som del av opplevinga
  • Eit uvanleg tverrfagleg arbeidsmiljø der mat møter museum, vitensenter, gard og formidling
  • Eit større kokkefagleg miljø gjennom samarbeid med kaféen på Vitenfabrikken
  • God overlapping og moglegheit for gradvis å ta hovudansvar for kafé- og kjøkkendrifta
  • Moglegheiter for å delta på leverandørmesser og kurs
  • Fast stilling i 100 prosent, løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar

Mangfald og tilrettelegging

Ulike perspektiv gjer oss sterkare, og me ønskjer ein arbeidsplass der mangfald er ein naturleg del av kvardagen. Derfor oppfordrar me alle kvalifiserte kandidatar, uavhengig av bakgrunn, til å søkja.

Alle søkjarar blir vurderte ut frå kompetanse og erfaring, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Har du spørsmål eller behov for tilrettelegging?

Me vil at du skal få vist deg frå di beste side. Dersom du har spørsmål om prosessen eller treng tilrettelegging, er du hjarteleg velkommen til å ta kontakt med oss. Me finn gode løysingar saman.

Rekrutteringsprosessen vår

Me ønskjer ein ryddig og rettferdig prosess der alle kandidatar får god og likeverdig behandling. Som jobbsøkar hjå oss kan du forventa følgjande:

Etter søknadsfristen

  • Me les og vurderer alle søknadar grundig opp mot krava i utlysinga
  • Dersom du ikkje går vidare i prosessen får du beskjed så snart me har gjennomført første vurderingsrunde

For aktuelle kandidatar

  • Du blir invitert til intervju og truleg får du ei lita oppgåve du skal presentera kort under intervjuet
  • Ved behov gjennomfører me to intervjurundar
  • Referansesjekk blir gjort etter intervju, men før endeleg innstilling

Til slutt

  • Me legg vekt på at den me tilset skal vera personleg eigna for stillinga
  • Den som blir tilsett må levera godkjent politiattest før oppstart

Jærmuseet - meir enn eit museum!

Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Museet har ca 70 årsverk og driv 12 ulike besøksanlegg i sju kommunar, i tillegg til det omreisande vitensenteret Science Circus.

Jærmuseet er ein vitskapleg institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet er ein møteplass mellom natur, kultur og teknologi. Me inviterer publikum til å utforska kunnskap gjennom aktivitetar og opplevingar.