Hopp til innhold

Kafé medarbeidar Skoskogen

Sammendrag

Som kafémedarbeider i Skoskogen er du ansvarlig for tilberedning, servering og salg av mat og drikke, samt renhold av avdelingen. Du skal møte gjestene med et smil og sørge for at arbeidsplassen er ren og ryddig til enhver tid, samtidig som hygieneregler følges.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig
Sted
Kinsarvik
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Nivå
Nyutdannet
Påkrevde ferdigheter
  • matlaging
  • servering
  • salg
  • renhold
  • hygieneregler
  • allergene
Goder
  • opplæring
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 604k–743k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Mikkelparken sin visjon er å skape gode barndomsminner. I denne stillinga er ein ansvarleg for tilbereding, servering og sal av mat og drikke, samt reinhald av eigen avdeling. Ein skal møte gjestene våre og deira behov med eit smil.

Arbeidsplassen skal vere rein og ryddig til ein kvar tid, og hygienereglar må følgjast i samband med matlaging og generell vask av området. Tryggleik, trivsel og samarbeid skal vere ei ramme rundt arbeidet.

For å jobbe i Skoskogen i Mikkelparken må ein vere fylt 14 år, og komfortabel med å kommunisera med nye menneske kvar dag. Det er viktig å ha ei positiv innstilling og god innssatsvilje. Skoskogen-medarbeidarar rapporterer til sesongleiaren i Skoskogen, og elles til dei andre sesongleiarane i parken.

Hugs at me alltid tar oss tid til gjestene våre, uansett kor travle me er. Gjestene er vår prioritet nr. 1. Det er viktig å smile og ha eit godt humør, slik at me kan yte best mogleg service.

Oppgåver og ansvarsområde Arbeide saman for å gje gjestene ei god oppleving Kommunisere godt med gjester og medarbeidarar Tilberede mat, servere mat og hjelpe gjestene med å finne det dei treng Sørgje for at alle stasjonar er reine og ryddige (inkludert bord og der gjestene oppheld seg) Sørgje for at det ikkje går tomt for produkt som t.d. koppar, bestikk osv.

Sørgje for at dei sjølvbetjente grillane utanfor Skoskogen er reine og brukarvennlege til ein kvar tid.

Reinhald av kjøkkenet, uteområdet i kaféen, samt frys og kjøl Vege matavfall og ha fokus på redusere matsvinn Opne og stengje Skoskogen Kafé Sørgje for at hygienekontroll er bra med hjelp av sjekklister Informere gjestene om allergener Som Skoskogen Kafémedarbeidar bør du vere: Glad i å samhandle med andre menneske (gjester og medarbeidarar) Effektiv Samarbeidsvillig Ha interesse for mat Denne stillinga passer godt for deg som trivst i eit sosialt arbeidsmiljø, er ansvarleg og likar å skape gode opplevingar for barn og familiar.

Arbeidstidene for kafémedarbeidar Skoskogen er mellom 6.5-8 timar. Du kan forvente å ha mellom 3-5 vakter i veka. Alle som takkar ja til sommarjobb i Mikkelparken må delta på obligatorisk opplæring i forkant av sesongopning.