Hopp til innhold

Sammendrag

Kvinneklinikken søker jordmødre til faste stillinger i tredelt turnus fra sommeren 2027. Stillingene er knyttet til Fødeavdelingen, som har tre fødeenheter og en svangerskaps- og barselpoliklinikk.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· 22/10/2026
Sted
Bergen
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
sommaren 2027
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 645k–766k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Kvinneklinikken søker etter jordmødre som ønsker å jobbe hos oss frå sommaren 2027.

Litt om Fødeavdelinga

  • Kvinneklinikken har tre fødeeiningar: Føde A/B, Føde C og Føde D Storken. Føde A/B har ansvar for risikofødande og deira barseltid, samt gravide som blir innlagd i svangerskapet. Føde C er ei kombinert eining og ivaretar fødande i eit mellom-risikonivå. Føde D Storken er også ei kombinert lavrisiko føde-barseleining.

Ved Svangerskap og barselpoliklinikk har vi poliklinisk oppfølging for kvinner som får komplikasjonar i svangerskapet, terminkontrollar og ØH-situasjonar. Der er òg barseloppfølging, ammepoliklinikk og samtalar for kvinner med fødselsangst.

Fødeavdelinga er ein spennande arbeidsstad for jordmødrer som ønsker å vere med å utvikle heilskaplege omsorgsmodellar innan svangerskap- fødsel og barselomsorg. Vi søker etter jordmødrer som har interesse for alle fagområda innan fødselsomsorga. Det er tett samarbeid mellom alle seksjonane i Fødeavdelinga.

Stillinga er knytta til Fødeavdelinga, det er ledig faste stillingar i 3 delt turnus frå juni 2027. Aktuelle kandidatar må kunne jobbe 3 delt turnus.

Vi søker etter jordmødrer som vil vere med å engasjere seg i utviklinga på Fødeavdelinga. Du er ansvarleg, løysingsorientert og bidrar med din veremåte til eit positivt og godt miljø for utvikling og teamarbeid. Søknader blir behandla forløpande.