Hopp til innhold

Jobbkonsulent TA (tilrettelagt arbeid)

Sammendrag

Jobbkonsulent TA er ansvarlig for å følge opp arbeidstakere med tilrettelagt arbeid, kontakte og følge opp arbeidsgivere for praksisplasser og arbeidsformidling, samt gi karriererettledning og bistand for å skaffe eller beholde arbeid.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig
Sted
Norge
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Utdanning
Bachelor
Førerkort
Ja
Påkrevde ferdigheter
  • Gode digitale ferdigheiter
  • ta i bruk nye digitale verkty og system
Goder
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Opplæring i relevante verkty

Full beskrivelse

Jobbkonsulent TA

Har du ein yrkesbakgrunn som du tenkjer kan være relevant og eit sterkt ynskje om å bidra til at personar finn sin plass i arbeidslivet?

Vi ser etter deg som

  • Er trygg på deg sjølv og likar å vere med å bygge relasjonar
  • Likar å utfordre, bidra til løysingar og ha forventningar til andre og deg sjølv
  • Likar å vere ilag med og rundt alle typar folk
  • Meistrar å ha mange ballar i lufta, samstundes som du har eit klart kunde- og resultatfokus
  • Er god både på munnleg og skriftleg framstilling
  • Er positivt opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Kjenner godt til arbeidslivet i 7-stjerna - kommunene vi jobbar i

Arbeidsoppgåver

  • Følge opp arbeidstakarar som har sin arbeidsstad i Furene, TA-tilsette, (personar som har behov for tilrettelagt arbeid) i Furene og dei som i tiltak ute hjå andre arbeidsgjevarar
  • Kontakt og oppfølging av arbeidsgjevarar i samband med praksisplassar, arbeidsutprøving og arbeidsformidling.
  • Karriererettleiing og oppfølging av personar som treng utvida bistand for å skaffe eller behalde arbeid
  • Samarbeid med NAV m.fl
  • Skriftleg rapportering etter gjeldande krav
  • Undervisning i mindre grupper
  • Samarbeid med lokalt næringsliv om framtidas kompetanse og opplæringsbehov og vegen fram til formell komptetanse

Kompetansekrav

  • Bachelor, fagbrev eller tilsvarande - fagområder kan til dømes vere marknad og sal, HR, helse og sosialfag, pedagogikk
  • Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye digitale verkty og system
  • Førarkort kl B

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Vi kan tilby

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit kreativt og skapande miljø både i Furene og gjennom vårt medlemsskap i Kopano
  • Godt arbeidsmiljø og dyktige medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Opplæring i relevante verkty
  • Aktivt trivselslag

Det er krav til bruk av eigen bil i arbeidet.

Politiattest vil bli kravd ved tilsetjing.

Spørsmål til stillinga kan rettast til Furene AS ved personalleiar Gro-Lise M. Rise på telefonnr. 97487094

  • Registrer søknad på: Ledige stillingar Furene AS

Søknadar vert behandla fortløpande

Søknadsfrist snarast

Kontaktperson for stillingen

Gro-Lise M. Rise

HR - personalleiar

97487094 gro-lise.rise@furene.no

Om bedriften

Furene AS er ei av landets omlag 115 arbeids- og inkluderingsbedrifter med hovudkontor i Furene Industriområde i Volda, og avdelingar i Ørsta, Dragsund, Fiskå og Ulsteinvik.

I Furene AS set vi den einskilde person sin ståstad og kompetanse i sentrum. Vi søkjer å styrkje den einskilde si deltaking i arbeidslivet gjennom avklaring, kvalifisering, rehabilitering og ikkje minst motivasjon til å tru på eigne ferdigheiter. Slik skaffar vi næringslivet kompetent arbeidskraft.

Dette vert gjennomført ved at deltakarane får prøve seg i ulike arbeidssituasjonar både i våre lokaler eller ute hos eksterne samarbeidspartnarar. Gjennom arbeidspraksis får deltakarane trening i ulike jobbsituasjonar med rettleiing, tilrettelegging og rådgjeving under heile prosessen.

Furene AS har eit omfattande samarbeid med næringslivet på Søre Sunnmøre som eit ledd i attføringsarbeidet. Vi er også leverandør av varer og tenester til fleire store bedrifter på Søre Sunnmøre.