Helsesekretær
Om stillinga
Osterøy kommune driftar to legekontor på Osterøy med 3 fastlegar på kvart kontor, i tillegg til LIS1 lege under utdanning. Kvart kontor har omlag 3 årsverk med helsesekretær. No har vi behov for helsesekretær som kan være vikar ved fråvær ved Valestrand og Lonevåg legekontor.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåver vil være betening av telefonsentral, resepsjon, blodprøvetaking, EKG\Spirometri, enkel pasientbehandling/kontakt som enkle injeksjonar/vaksiner, sårskift etc.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert helsesekretær, legesekretær eller medisinstudent med erfaring frå legekontor.
- Ynskjeleg med erfaring frå Infodoc journalsystem
- Erfaring som hjelpepersonell på legekontor, men også andre med relevant erfaring kan søkje
- Du har gode samarbeidsevner, serviceinnstilt og fleksibel
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tilsettingssprosessen
Om ein få tilbod om stilling er det krav om å framvise gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldane tariff
- God pensjonsordning
- Godt kollegialt miljø
- Naudsynt opplæring i journalsystem og oppgåver etter behov
Utsikt mot Haus Om Osterøy kommune
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen.
Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.