TTF søkjer fleire dyktige medarbeidarar. Vi treng deg som vil vere med og skape eit godt og inkluderande TTF – ein flott stad å bu, arbeide og trivast. Vi skal spele kvarandre gode! TTF er eit bufellesskap som gir tenester til personar med ulike funksjonsvariasjoner og bistandsbehov.
Tenesta omfattar både fastbuande personar og avlasting. Målet vårt er å leggje til rette for ein trygg og meiningsfull kvardag, med fokus på meistring, sjølvstende, aktivitet og deltaking.
Vi treng helgestillingar og fleire tilkallingsvikarar som kan stille opp ved fråvær både på kort og lengre sikt. Jobben består av oppfylging av ulike brukarar gjennom dagen. Skape gode kvardagar for menneske som treng bistand og rettleiing for å kjenne på meistring og meining. Miljøarbeid er difor sentralt i arbeidet.
Søknadar vil bli behandla fortløpande. Ta gjerne kontakt ved spørsmål.