Ønsker du spennande arbeid ved Lungeavdelinga? Lungeavdelinga har ledig faste helgestillingar. Stillingane passar for studentar innan sjukepleie, medisin eller helsefag.
Det er ønskeleg at søkar har pleieerfaring frå tidlegare. Stillingane er i snitt pt. kvar 3.helg og det kan bli aktuelt med ekstravakter i veker og helg/helligdagar. I tillegg er det moglegheit for meir intensiv jobbing i feriar.
Lungeavdelinga har to sengepostar. Post 3 har 22 sengeplassar med hovudansvar for tre store pasientgrupper, lungekreft, KOLS (pasientar med kronisk obstruktive lungesjukdommar) og lungeinfeksjonar. Vi har òg 1 luftsmitteisolat for pasientar med tuberkulose. I tillegg behandlar vi pasientar med mellom anna pneumothorax, lungefibrose, sarkoidose og lungeemboli.
Lungeavdelinga er ein arbeidsplass med høg aktivitet og mange varierte og spennande utfordringar. Avdelinga tilbyr god opplæring og rettleiing til nytilsette. Det er eit godt tverrfagleg miljø ved avdelinga.