Hopp til innhold

Generelle søknadar - Helse og omsorg

Sammendrag

Hjelmeland kommune søker etter dyktige medarbeidere innen helse og omsorg, og har ofte behov for tilkallingsvikarer. Søknaden din vil bli lagret i deres database i 6 måneder.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig
Sted
Hjelmeland
Oppstart
Snarest

Full beskrivelse

Sjølv om det ikkje alltid er ledige stillingar i Hjelmeland kommune er me alltid på utkikk etter dyktige medarbeidarar, og fleire avdelingar har ofte behov for tilkallingsvikarar. Ønskjer du å dele din kompetanse innan helse og omsorg med oss? Då set me pris på om du vil legga inn din CV i vår database ved å søkje på denne utlysinga. Din CV vil bli oppbevart i vår database i 6 månader. Tilsetting på kommunale vilkår.

Alle ledige stillingar finn du her på heimesida vår. Du må søkje på dei stillingane som er lyst ut for å kome med i betraktning til ledige stillingar.

Kontaktpersonar innan helse og omsorg

  • Hjelmeland omsorgssenter: Mona Krogevoll
  • Årdal omsorgssenter: Eli Nesvåg
  • Hjelmeland legekontor: Marta Ommundsen
  • Barnevernstenesta: Hanne Håland Bjelland
  • NAV: Jorunn Foss

Politiattest Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søker på ein ledig stilling her. Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål, me ønsker allikevel at du tek dei med til eit eventuelt intervju.

Ønsker du å verte betre kjent med oss besøk vår heimeside eller følg oss på Facebook.

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

Søk på bedriftens nettsted