Vanylven helse og omsorg inviterer DEG til å søkje som ferievikar!
Vi kan tilby inntil 100% stilling mellom veke 24-32, frå 14. Juni - 15. August. Kunne du tenkje deg ein meiningsfull sommarjobb i eit trivelig arbeidsmiljø med moglegheit for erfaringslæring og utvikling? Då må du søkje som ferievikar hos oss!
Helse og omsorg består av
- Vanylven helse- og omsorgssenter
- Heimebasert omsorg, Fiskå og Syvdetun
- Bu og avlastning- Avd. Utsikten og Djuvika
- Bu og avlastning- Avd. Avlastninga og BPA i privat bustad
- Institusjonskjøkken
- Dagaktivitetstilbod
Arbeidet vert organisert i eigen ferieturnus, der arbeidstid blir snittberekna på turnus perioden. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Skriv kva arbeidstad du kunne tenkje deg å jobbe. Du må også informere om du kan arbeide heile perioden eller eventuelt kva periode du er tilgjengeleg. Ved spørsmål, ta gjerne kontakt med den enkelte avdelingsleiar.