Giske kommune har ledig fastlegeheimel med listestorleiek 960. Oppstart 1.5.2027.
Praksis ved Giske kommunale legesenter, lokalisert på Valderøya. Gruppepraksis med 11 fastlegar og ein LIS1. Senteret er velorganisert og har fokus på godt arbeidsmiljø og samarbeid. Det er tilsett avdelingsleiar med ansvar for alt administrativt. Stabilt og velfungerande hjelpepersonell. Journalsystemet er Infodoc Plenario.
Våren 2027 flytter legesenteret inn i nyoppussa lokaler, same bygg som i dag.
Fastlegen arbeider som sjølvstendig næringsdrivande. Legesenteret blir drifta av Giske kommune og legen inngår leigeavtale (8.2-avtale) med kommunen.
Det er ikkje knytt kommunal deltidsstilling til fastlegeheimelen per i dag.
Kommunen søker tilskott frå Helsedirektoratet for midlar til ALIS-avtale som vil kompensere utgifter og tapte inntekter knytt til spesialisering for LIS3.
Deltaking i 10-delt legevakt kveld og helg ved Giske legevakt. Deltaking i interkommunal nattlegevakt i Ålesund.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Om stillingen
Arbeidsoppgåver
- Arbeid som fastlege i medhald av fastlegeforskrifta.
- Helsefremmande og førebyggande arbeid.
- Tverrfagleg samarbeid.
- Deltaking i legevakt. Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som lege, helst med erfaring frå allmennmedisin.
- Oppfyller kompetansekrav for legar i kommunen. http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2017-02-17-192
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse. Personlege eigenskapar
- God på kommunikasjon og samarbeid.
- Evne til initiativ og til å vere fleksibel og løysingsorientert.
- Evne til å arbeide strukturert og målretta.
- Kvinnelege legar bli oppfordra til å søke Andre opplysningar:
- Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
- Søkjar må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil.
- Dokumentasjon på utdanning skal sendast i lag med søknaden. Vi tilbyr
- Spanande arbeidsoppgåver
- Gode kolleger og hyggeleg arbeidsmiljø
- God fagleg støtte og rettleiing for uerfarne legar Stillingstittel
Fastlegeheimel i Giske kommune
Ansettelsesform
Fast
Heltid / Deltid
Heltid
Stillingsprosent
100
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Ytterland
Søknadsfrist
24.11.2026
Søk på stilling
Firma
Barn, familie og helse, Giske kommune
Adresse
Ytterland 1, 6050 Ytterland
Kart
Spørsmål om stillingen?
Karoline Roald Skjong
Stilling avdelingsleiar
E-post
Telefon
Webcruiter-ID
5200576983
Publisert
02.11.2026