Hopp til innhold

Faste stillingar og ferievikariat i Laboratorieklinikken

Sammendrag

Laboratorieklinikken søker bioingeniører for faste heltidsposisjoner og ferievikariater. Stillingene er ved ulike avdelinger som medisinsk biokjemi, mikrobiologi, immunologi, patologi og medisinsk genetikk.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 20 døgn siden
Sted
Bergen
Ansettelsesform
Deltid
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Utdanning
Læreplass / yrkesfaglig utdanning

Full beskrivelse

Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte bioingeniørar!

Ønskjer du ein fast heiltidsjobb i eit av Noregs største laboratoriemiljø? Eller er du bioingeniørstudent på jakt etter sommarjobb eller deltidsstilling ved sidan av studia? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorietenester i Noreg. Laboratorieklinikken tilbyr eit breitt spekter av analysar innan ulike fagområde. I tillegg til analytisk verksemd gir laboratoria rettleiing om bruk av analysar og tolking av analysesvar.

Bioingeniørar utgjer den største faggruppa i laboratoria, og dei tilsette er vår viktigaste ressurs. Vi arbeider for å knyte til oss dei beste fagfolka og legger til rette for eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og høy kvalitet i arbeidet.

Laboratoria i Laboratorieklinikken har behov for bioingeniørar og bioingeniørstudentar både no, sommaren 2027 og vidare utover hausten.

Dette er ei felles utlysing for

  • Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), inkludert:
  • MBF Glasblokkene
  • MBF Voss
  • Mikrobiologisk avdeling (MIA)
  • Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin (AIT)
  • Avdeling for patologi (PAT)
  • Avdeling for medisinsk genetikk (MGM)
  • Kreftgenomikk (SKG)
  • Biobank Haukeland (BBH)

Ved MBF, MIA, AIT og delar av PAT inngår turnusarbeid.

Vi håpar du kan tenke deg å arbeide hos oss i Laboratorieklinikken. Dersom du har ønske om å arbeide ved eit bestemt laboratorium, ber vi om at dette blir oppgitt i søknaden.