Organisasjon
Kunsthøgskolen gjekk frå 1. august 2023 over til ny styringsordning med tilsett rektor som er institusjonens øvste sjef. Styret har ekstern styreleiar og rektor er styrets sekretær.
Verksemda er organisert i fagavdelingar for dei ulike studieretningane og fagseksjonar for dei administrative fellesfunksjonane.
Les meir om ny styringsordning.
Organisasjonskart
Verksemda er organisert i fagavdelingar for dei ulike studieretningane og fagseksjonar for dei administrative fellesfunksjonane.
Organisasjonskart i pdf-format - bokmål (pdf)
Rektor har overordna ansvar for å leie Kunsthøgskolen i Oslo. Rektor er også sekretær for styret.
Fagavdelingane
Avdeling design har fagansvar for utdanning innan fagområda grafisk design, illustrasjon, klesdesign, kostymedesign, interiørarkitektur og møbeldesign.
Avdeling kunst og handverk har fagansvar for utdanning har fagansvar for utdanning innan fagområda tekstil, grafikk og teikning, keramikk, kunst og offentlege rom, samt metall og smykkekunst.
Avdeling Kunstakademiet har fagansvar for utdanning innan fagområdet biletkunst og arbeider på tvers av medium, disiplinar og tilnærmingar og handsamar formale og materielle problemstillingar i tillegg til postkonseptuelle, sosiale og politiske spørsmål.
Avdeling Teaterhøgskolen har fagansvar for utdanning av skodespelarar og regissørar, og fordjuping i skodespelarfag, regi, scenetekst og scenograf og dessutan praktisk-pedagogisk utdanning i teater.
Avdeling dans har fagansvar for utdanning av koreografar og dansarar innanfor samtidsdans, klassisk ballett og jazzdans og i tillegg praktisk-pedagogisk utdanning innanfor dans.
Avdeling Operahøgskolen har fagansvar for utdanning innan opera, song- og scenefag, med stor vekt på sceniske produksjonar.
Fellesadministrasjonen
Seksjon for økonomistyring har ansvar for økonomi med budsjett, rekneskap og planprosess og arkiv.
Seksjon for mennesker og organisasjon har ansvar for personalforvalting, helse-, miljø og sikkerheit.
Seksjon for studier, forsking og formidling har ansvar for studieadministrasjon med opptak og studieplaner, forskingsadministrasjon med stipendiatprogram og kunstnarisk utviklingsarbeid, bibliotektenester og kommunikasjon med forskings-, utdannings og formidlingsprogram om høgskolens fagområde og aktivitetar.
Seksjon for tjenester, sikkerhet og infrastruktur har ansvar for servicesenteret, herunder resepsjonstenesta og posthandtering. Vidare drift av høgskolens innvendige bygningsmasse, utvikling, drift og brukarstøtte av skolens it-løysingar, audiovisuelle tenester (AV), utstyrslager, beredskap, informasjonssikkerheit, reinhald og utstyrslager.
Seksjon for verksteder og sceneteknikk har ansvar for alle verkstader med bistand til fagutdanninga og produksjonar på dei visuelle faga og scener med teknisk bistand til produksjonar på scenekunstfaga.
Styret
Styret er øvste organ ved Kunsthøgskolen i Oslo. Styret er oppnemnt for perioden 1.8.2023 til 31.7.2027. Studentrepresentantane er på val kvart år.
Samansetjing
Styreleiar
Idar Kreutzer (ekstern)
Fagleg personale
Josephine Jewkes, Professor i klassisk ballett Ane Thon Knutsen, førsteamanuensis i grafisk design Maziar Raein, førsteamanuensis i teori og metode Mads Thygesen, professor i anvendt dramaturgi(vara: 1. Hans Pitzschner Henriksen, 2. Isak Wisløff, 3. Pavlina Lucas)
Teknisk- og administrativt personale
- Trond Kasper Mikkelsen(vara: Anders Hamre)
Studentar
- Ane LindholtKim Jakobsen To(vara: 1. Aurora Romano, 2. Julius Carlsson Jeansson)
Eksterne representantar (oppnemnde av Kunnskapsdepartementet)
Petter SnareInger ØstensjøSara Kristofferson(vara: 1. Kjell Magne Mælen, 2. Trude Gomnæs Ugelstad)
Sekretær rektor Marianne Skjulhaug
Styremøte
I samband med styremøte legg Kunsthøgskolen i Oslo ut møteplan, sakliste og lenkje til saksdokumenta (med unntak av saker som er unnateke offentlegheit). Referat frå styremøte ligg i sakspapira til påfølgjande styremøte.
Møteplan 2026/27
- Møtedatoar framover: 14. september 2026 klokken 10:00-14:00 (digitalt møte), 26. oktober 2026 klokken 11:15-14:00 (digitalt møte), 7. desember 2026 klokken 10:00-14:00, 9. februar 2027 klokken 10:00-14:00 (digitalt møte), 9. mars 2027 klokken 10:00-14:00, 8. juni 2027 09:00-16:00
14. september
- Sakspapirer 9. juni
- Sakspapirer
- Protokoll 3. mars
- Sakspapirer
- Protokoll 3. februar
- Sakspapirer 9. desember
- Sakspapirer 29. oktober
- Sakspapirer 15. september
- Sakspapirer 10. juni
- Sakspapirer 12. mars
- Sakspapirer 4. februar
- Sakspapirer 10. desember
- Sakspapirer
- Protokoll 29. oktober
- Sakspapirer 11. september
- Sakspapirer Møteplan 2023/24
11. juni
- Sakspapir 5. mars 2024
- Sakspapir 6. februar 2024
- Sakspapir 12. desember 2023
- Sakspapir 31. oktober 2023
- Sakspapir 15. september 2023
- Dagsorden
- Sakspapir
- Protokoll 13. juni 2023
- Dagsorden
- Sakspapir
- Protokoll 22. mai 2023
- Dagsorden
- Sakspapir
- Protokoll 25. april 2023
- Dagsorden
- Sakspapir
- Protokoll 7. mars 2023
- Dagsorden
- Sakspapir
- Protokoll 14. februar 2023
- Dagsorden
- Protokoll 7. februar 2023
- Dagsorden
- Sakspapir
- Protokoll
- 13. desember 2022
- 30. november 2022
- 25. oktober 2022
- 13. september 2022
- 14. juni 2022
- 8. mars 2022
- 8. februar 2022
- 14. desember 2021
- 16.-17. november (seminar)
- 26. oktober 2021
- 14. september 2021
- 24. august 2021
- 15. juni 2021
- 11. mai 2021
- 9. mars 2021
- 9. februar 2021
- 19. januar 2021
- 8. desember 2020
- 17. november 2020
- 29. oktober 2020
- 27. oktober 2020
- 16. juni 2020
- 10. mars 2020 + vedlegg
- 11. februar 2020
- 10. desember 2019
- 29. oktober 2019
- 3.-4.september 2019
- 11. juni 2019
- 12. mars 2019
- 5. februar 2019
- 11. desember 2018
- 6. november 2018
- 4.-5. september 2018
- 12. juni 2018
- 13. mars 2018
- 6. februar 2018
- 12. desember 2017
- 14. november 2017
- 26. september 2017
- 13. juni 2017
- 2. mai 2017
- 14. mars 2017
- 7. februar 2017
- 13. desember 2016
- 25. oktober 2016
- 6. september 2016
- 14. juni 2016
- 3. mai 2016
- 10. mars 2016
- 9. februar 2016
- 22. januar 2016
- 15. desember 2015 Delegeringsreglement
Instruks for styret
Instruks for rektor
Leiing
Kunsthøgskolen gjekk frå 1. august 2023 over til ny styringsordning med tilsett rektor. Les meir om vedtaket.
Rektorat
Marianne Skjulhaug rektor+47 930 91 [email protected]
Rektor har ansvar for å leie den faglege og administrative verksemda ved Kunsthøgskolen i Oslo. Rektor er tilsett i eit åremål på fire år. Rektor er også sekretær for styret.
Martin Egge Lundell prorektor for utdanning+47 958 35 [email protected]
Manuel Pelmus prorektor for kunstnerisk utviklingsarbeid og forskning+47 909 40 [email protected]
Dekanar
Antonio Cataldo dekan, avdeling Kunstakademiet+47 469 74 [email protected]
Gunhild Vatn fungerende dekan, avdeling kunst og handverk+47 957 69 [email protected]
Lotte Grønneberg fungerende dekan, avdeling [email protected]
Snelle Hall dekan, avdeling dans+47 909 22 [email protected]
Anna Elisabet Einarsson dekan, avdeling Operahøgskolen +47 986 62 [email protected]
Victoria Meirik dekan, avdeling Teaterhøgskolen+47 900 55 [email protected]
Administrative leiarar
Ida Nerbø fungerende seksjonssjef ø[email protected]
Camilla Nyquist seksjonssjef mennesker og organisasjon+47 924 26 [email protected]
Trond Mikkelsen seksjonssjef verksteder og sceneteknikk+47 909 64 [email protected]
Vidar Iversen seksjonssjef tjenester, sikkerhet og infrastruktur+47 908 37 [email protected]
Jannicke Eriksen seksjonssjef studie, forsking og [email protected]
Strategi 2023–2028
Vedtatt av styret for Kunsthøgskolen i Oslo, 13.12.2022.
- Nedlastbar pdf: Norsk - bokmål Norsk - nynorsk English
Kunsthøgskolen i Oslo
Kunsthøgskolen i Oslo er ein nasjonalt leiande, vitskapleg høgskole og er landets største statlege utdanningsinstitusjon for kunstnarar og designarar. Skolen tilbyr utdanning innan fagområda biletkunst, design, kunst og handverk, opera, dans, teater og i kunstpedagogikk.
Kunsthøgskolens utdanningar skal være forankra i det fremste innan kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking, og skolen skal bidra til framtidas kunnskaps- og samfunnsutvikling.
Kunsthøgskolen skal spegle samfunnets mangfald, ha stor takhøgd for ytringar, og være eit forbilde for berekraftsperspektiv innan kunstutdanning.
Kunsthøgskolen i Oslos samfunnsoppdrag er å utdanne utøvande og skapande kunstnarar og designarar, drive kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking på høgt internasjonalt nivå og formidle kunnskap om Kunsthøgskolens aktivitetar, verksemd og verdiar. All verksemd ved Kunsthøgskolen i Oslo skal prioritere å bidra til dette samfunnsoppdraget.
Dei fagleg tilsette ved Kunsthøgskolen er leiande fagpersonar innan sine fagfelt og arbeider i spennet mellom forvalting av spesialiserte fagtradisjonar og nyskapande kunstnarisk praksis. Kunstnarisk kjerne forankra i kunstnarisk praksis, kunstnarisk utviklingsarbeid og forsking bidrar til å sikre den høge kvaliteten i utdanningane.
Studentane som er utdanna ved Kunsthøgskolen vil bli viktige aktørar i kunst- og kulturlivet, i kvalitetsutvikling av kunstutdanning, og i samfunnsutviklinga.
Ein svært viktig del av utdanninga av studentar til banebrytande profesjonelle kunstnarar og designarar, er å kontekstualisere kunst og design i møte med fagfellar, publikum og samfunnet.
For å bygge opp under dette har Kunsthøgskolen eit unikt tilbod av scener, prøvesalar, galleri, atelierplassar, verkstader og bibliotek som vert drifta av svært kompetente fagpersonar.
Strategien har tre fokusområde. «Kunstnarisk kjerne» er ein grunnleggande føresetnad for all verksemd ved Kunsthøgskolen. «Berekraft» og «strategisk samhandling» er nødvendige verkemidlar for å realisere kjernen i Kunsthøgskolens målsetting.
- Fokusområde 1: Kunstnarisk kjerne
Vi skal høyre til dei internasjonalt fremste kunstnariske og praksisorienterte utdanningsinstitusjonane innanfor fagfelta ved Kunsthøgskolen i Oslo.
Kunsthøgskolens identitet er forankra i at undervisninga, det kunstnariske utviklingsarbeidet, forskinga og formidlinga har ein kunstnarisk kjerne, som er forankra i kunstnarisk utøvande og skapande praksis.
Den kunstnariske kjernen er avhengig av eit tett samspel med det profesjonelle kunstfeltet og med samfunnet generelt. Denne unike eigenarten skal kome tydeleg til uttrykk i verksemda og er ein føresetnad for at studentane kan bli morgondagens kunstnarar og kunstutdannarar.
Kunsthøgskolen i Oslo skal være ein leiande aktør innan kunstnarisk utviklingsarbeid slik at dei utøvande og skapande kunstfaga kan gje nye bidrag til kunnskapsproduksjonen på alle nivå. Kunstnarisk utviklingsarbeid skal derfor være utgangspunktet for prioriteringar i heile verksemda.
Høgt internasjonalt kunstnarisk nivå i kombinasjon med kompetanse innan kunstnarisk utviklingsarbeid skal være krav ved tilsetjingar av kunstnariske førsteamanuensisar og professorar.
Undervisar- og rettleiarrolla spring ut frå kunstnarisk kjerne og er ein føresetnad for høg utdanningskvalitet. Kunsthøgskolens lærings- og arbeidsmiljø omhandlar og utviklar etiske spørsmål, utdanningsfaglege problemstillingar og akademisk ytringsfridom gjennom levande diskusjonar og kollegial samhandling.
Dette skal skje
- Kunsthøgskolens samla studieportefølje, spesielt på masterprogramnivå, skal være meir robust, ha breiare fagleg fundament som integrerer kunstnarisk utviklingsarbeid i studia, dra betre nytte av Kunsthøgskolens samla ressursar og sikre dagens fordjupingsområde. Nivået med masterprogram skal fungere som eit naturleg samband mellom bachelor- og doktorgrad.
- Det skal være eit godt tilbod om utdanningsfagleg opplæring og tydelege retningslinjer om utdanningsfagleg kompetanse for tilsetjing og opprykk.
- Det skal lysast ut 4-årige doktorgradsstillingar med 25% undervisningsplikt.
- Undervisnings- og forskingsaktivitetar på Kunsthøgskolen i Oslo skal springe ut frå akademisk fridom, ytringsfridom og frå forskingsetiske retningslinjer.
- Det skal være felles arenaer der kollegiet samlast for å utvikle forskings- og delingskulturen, og felles arenaer for å utvikle lærings- og utdanningskulturen. Fokusområde 2: Berekraft
Kunsthøgskolen skal være eit forbilde for medvit kring spørsmål om berekraft og effektive tiltak for berekraftig forbruk. Berekraft i utvida forstand påverkar både den enkelte, samfunnet og institusjonen. Det er derfor noko som må forståast både ut frå miljø- og klimaspørsmål, samla ressursbruk, samt psykososiale og kulturelle samanhengar.
For at Kunsthøgskolen i Oslo skal oppnå sine målsetjingar innan utdanning, kunstnarisk utviklingsarbeid og formidling, skal verksemda kjenneteiknast av prioriteringar som støttar opp under ein langsiktig, heilskapleg og berekraftig forvalting av samla ressursar. Dette gjeld både økonomiske, arealmessige og personalmessige ressursar.
Kunsthøgskolen skal kjenneteiknast av eit mangfald i praksisar og kunstnariske stemmer som også føreset eit mangfald av tilsette og studentar. Derfor skal vi leggje vinn på å spegle mangfaldet i samfunnet.
Kunsthøgskolen i Oslo utdannar for eit livslangt utdannings- og karriereperspektiv. Utdanningane skal ruste studentane til kunne takle faglege og mentale utfordringar og omstillingar, og til å ha god arbeidsevne og være robuste til å kunne stå i eit breitt yrkesliv som er i stadig bevegelse og utvikling.
Dette skal skje
- Vårt klimaavtrykk og ressursbruk skal kartleggast for å tileigne oss kunnskap om forbruk og identifisere kvar endringspotensialet til det grøne skiftet er størst. Basert på dette skal prioriteringar om eit meir berekraftig forbruk setjast i gang.
- Vi skal prioritere ressursar på alle nivå som støttar opp under ei langsiktig, heilskapleg og berekraftig forvalting av samla ressursar for å sikre kjerneverksemd og strategiske satsingsområde.
- Vi skal ha ei fagleg forankra og berekraftig organisering av infrastruktur, scener, verkstader og lokale.
- Vi skal innføre ein økonomimodell som sikrar god prioritering av ressursar og måltal for styring som sikrar at strategiske prioriteringar kan gjennomførast.
- Vi skal i rekrutteringsarbeid av studentar og tilsette arbeide målretta for å spegle mangfaldet i samfunnet. Vi skal jobbe kunnskapsbasert og gjennomføre pilotprosjekt retta mot meir mangfaldig rekruttering i samarbeid med ulike aktørar for å utvikle meir effektive strategiar og tiltak for mangfaldig rekruttering.
- Gjennom systematisk arbeid med læringsmiljø og kompetansebygging hos tilsette skal studentane få relevant yrkeskompetanse til å takle faglege og mentale utfordringar og omstillingar til å stå i eit breitt yrkesliv som er i stadig bevegelse og utvikling. Fokusområde 3: Strategisk samhandling
Strategisk samhandling skal bidra til å styrke fagmiljøa og Kunsthøgskolen i Oslo. Fagleg spissing og fornying av utdanning, forsking og formidling er avhengig av robuste kollektive fagmiljø, med moglegheit både for fagleg fordjuping og tverrfagleg samarbeid.
Gode fagmiljø er også kjenneteikna av gode administrative og driftsmessige funksjonar. Kunsthøgskolen er ein spesialisert høgskole og har eit nasjonalt ansvar – dette krev både administrativ spisskompetanse og samhandling om løysingar og prosessar i UH-sektoren.
Strategisk samhandling omfattar også tilhøvet til det kunstnariske arbeidslivet og ambisjonen om å være ein aktiv aktør og ressurs for omverda i dei samanhengane vi opererer i. Som ei leiande kunstutdanning i samarbeid med studentar, tilsette og kunstfeltet, har vi ei viktig stemme i offentlegheita.
Strategisk samhandling mellom fagmiljøa, administrasjonen og eksterne nasjonale og internasjonale aktørar skal derfor være førande for å stimulere til høg grad av fagleg relevans og kvalitet. Gjennom internt og eksternt samarbeid kan nytt handlingsrom, synergiar og fleire ressursar til prioritert arbeid frigjerast.
Dette skal skje
- Vi skal sette ned ei arbeidsgruppe som skal kome med framlegg om konkrete tiltak som skapar meir effektive samarbeidsformer og styrker organisasjonskulturen på tvers av fag og administrasjon.
- Vi skal utgreie etablering av felles studieplanstruktur på masternivå, som mogleggjer felles emne, valbare emne, fordjupingsmoglegheiter, utveksling samt sambruk av ressursar.
- Vi skal prioritere, utvikle og styrke utdannings- og forskingssamarbeid med eksterne og internasjonale fagmiljø. Derfor skal vi utvikle gode rutinar som mogleggjer avdelinganes ambisjonar om eksternt samarbeid.
- Vi skal utvikle ein modell som sikrar ein god interaksjon mellom forskinga og undervisninga ved Kunsthøgskolen, og ei god samhandling med det kunstrelaterte arbeidslivet.
- Vi skal auke talet av søknader og tilslag på eksterne midlar til utdannings- og forskingsprosjekt som styrker skolens fagmiljø. Derfor skal vi organisere fagfellemiljø, administrative støttesystem og samhandlingsmodellar som støttar opp om dette. Tidlegare plandokument
Strategisk plan 2017–2023
- Nedlastbar pdf: Bokmål Nynorsk Engelsk
Styringsdokument
Tildelingsbrev
Tildelingsbrevet er Kunnskapsdepartementets årlege styringsdokument til Kunsthøgskolen i Oslo og gjev føringar for verksemda bygt på Stortinges vedtak om statsbudsjettet kap 260.
Tildelingsbrev 2026 (pdf)- rundskriv (pdf)- Supplerende tildelingsbrev (pdf)
Tildelingsbrev 2025 (pdf)
Tildelingsbrev 2024 (pdf)- rundskriv (pdf)
Tildelingsbrev 2023 (pdf)
Tildelingsbrev 2022 (pdf)- Supplerande tildelingsbrev 2022 (pdf)
Tildelingsbrev 2021 (pdf)
Tildelingsbrev 2020 (pdf)
Tildelingsbrev 2019 (pdf)
Tildelingsbrev 2018 (pdf)
Tildelingsbrev 2017 (pdf)
Språkpolitikk
Språkpolitikk for Kunsthøgskolen, vedtatt av styret, 30.09.2014 (pdf).
Mangfold og likestilling
Handlingsplan for likestilling og mangfold, vedtatt av styret ved Kunsthøgskolen i Oslo 14. juni 2022, S-sak 29-22
Etikk
Etiske retningslinjer for Kunsthøgskolen i Oslo, vedtatt av styret, juni 2015.
Forskrifter
Forskrift om studiene ved Kunsthøgskolen i Oslo Hjemmel: Fastsatt av styret ved Kunsthøgskolen i Oslo 11. juni 2024 med hjemmel i lov 8. mars 2024 nr. 9 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) §§ 3-8, 8-3, 9-1, 9-2, 9-3, 10-5, 10-6, 10-7, 11-1, 11-3, 11-4, 11-5, 11-6, 11-7, 11-8, 11-9, 11-10, 11-11, 11-12 og 12-4, forskrift 6. januar 2017 nr. 13 om opptak til høgare utdanning § 2-1, § 2-2, § 3-6, § 7-1 og § 7-2, forskrift 22. juli 2008 nr. 828 om studentsamskipnader § 15 og forskrift 1. desember 2005 nr. 1392 om krav til mastergrad § 3.
Forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) i kunstnerisk utviklingsarbeid ved Kunsthøgskolen i Oslo Hjemmel: Fastsatt av styret for Kunsthøgskolen i Oslo 6. februar 2018 med hjemmel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 3-3.
- Tilføyd hjemmel: Lov 8. mars 2024 nr. 9 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 13-1.
Årsrapport
På denne sida finn du dei siste årsrapportane frå Kunsthøgskolen i Oslo.
Årsrapport 2025
- Riksrevisjonens årsberetning 2025 (pdf) Årsrapport 2024
Årsrapport 2023
- Riksrevisjonens årsberetning 2023 (pdf) Årsrapport 2022
- Riksrevisjonens årsberetning 2022 (pdf) Årsrapport 2021
Årsrapport 2020
- Riksrevisjonens årsberetning 2020 (pdf brev) (pdf vedlegg)
- Riksrevisjonens årsberetning 2019 Årsrapport 2018
Årsrapport 2017 (lågoppløyselig, høgoppløyselig, trykkefil)
Årsrapport 2016
Årsrapport 2015
Årsrapport 2014
Offentleg journal
Offentleg journal gir oversikt over korrespondanse til og frå Kunsthøgskolen i Oslo.
Saksdokument blir jo urnalførte og er tilgjengelege for offentlegheita dersom det ikkje er gjort unnatak i lov eller i medhald av lov, jf. offentleglova § 3.
Til vanleg ligg offentleg journal ute til gjennomsyn i tolv veker. Etter dette må ein spørje særskilt om tilgang til eldre journalar.
Journal
Veke 2026/37
Veke 2026/36
Veke 2026/35
Veke 2026/34
Veke 2026/33
Veke 2026/32
Veke 2026/31
Veke 2026/30 ingen reg
Veke 2026/29 ingen reg
Veke 2026/28
Veke 2026/27
Veke 2026/26
Veke 2026/25
Veke 2026/24
Veke 2026/23
Veke 2026/22
Innsyn
For ønske om innsyn gjeld ei rettleiingsplikt i samsvar med forvaltningslova § 11.
For partar i ei sak gjeld rett til innsyn i samsvar med forvaltningslova § 18.
Dokument blir sende elektronisk på e-post i pdf-format.
Avslag og klage på avslag om innsyn
Ved avslag om innsynskrav kan det innan tre veker krevjast grunngiving for avslaget, jf. offentleglova § 31. Ei slik grunngiving skal givast skriftleg innan ti arbeidsdagar etter at kravet er motteke.
Avslag på krav om innsyn kan påklagast innan tre veker frå avslaget er motteke, jf. offentleglova § 32.
Kontakt
Alle spørsmål om innsyn skal rettast skriftleg til: [email protected] Hugs å gi opp saksnummer, dokumentnummer og omtale av dokumentet du etterspør!
Ledige stillingar
Velkomen som jobbsøkjar til ledige stillingar ved Kunsthøgskolen i Oslo.
Fagansvarlig regnskap - vikariat
Seksjon Økonomistyring tirsdag 20. oktober 2026
Rektor ved Kunsthøgskolen i Oslo onsdag 21. oktober 2026
I tillegg til denne tabellen, annonserer vi ledige stillingar i vårt nyheitsbrev. Du kan også abonnere på RSS-straum. Visast ikkje tabellen rett, sjå stillingane på jobbnorge.no.
Vi bruker jobbsøkjarportalen Jobbnorge ved alle utlysingar.
Alle som søkjer, må registrere seg i portalen med namn, cv og søknad. Relevante vedlegg som attestar og vitnemål kan lastast opp i eigne vedlegg (pdf).
Vi rår deg til å registrere deg i portalen nokre dagar før søknadsfristen går ut. For å sikre likebehandling av alle søkjarar vil berre søknader som er sende via Jobbnorge innan søknadsfristen går ut bli behandla.
Merk at portalen stengjer ved midnatt den datoen som er oppgitt som søknadsfrist!
Skal du søkje ei fagleg stilling ved Kunsthøgskolen i Oslo?
Her finn du Rettleiing for søkarar til faglege stillingar.
Her finn du forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar.
Les også rettleiing for sakkunnig vurdering for undervisnings- og forskarstillingar
Logo
Ved å trykke på følgjande lenkjer får du tilgang til logoar
Avgang 2025
- Les guiden til design- og logoelementer for Avgang 2025 på intranett Designelementer og maler er linket fra denne siden Felles
- Kunsthøgskolen i Oslo (standard felleslogo til trykk) Avdelingar
- Teaterhøgskolen
- Design
- Kunst og håndverk
- Kunstakademiet
- Dans
- Operahøgskolen Designmanual
Det finst to versjonar av Kunsthøgskolen sin designmanual, ein forenkla versjon og ein utvida versjon.
Den forenkla versjonen inneheld den primære logoen for Kunsthøgskolen i Oslo og enkel applikasjon av denne. Forenkla versjon av designmanualen kan lastast ned her.
Den utvida versjonen av designmanualen inneheld mellom anna logo og implementering for ulike område av verksemda, malar på ulike element, annonse- og plakateksempel, og forklaring på korleis ein konstruerer Kunsthøgskolen i Oslo sitt eige gridsystem på eit element. Send ein e-post til webredaktøren for å få ein digital kopi.
Generelle spørsmål om Kunsthøgskolen sin designmanual/visuelle profil kan rettast til [email protected]
Beredskap / krise
Beredskapsvarsling
Hvis du blir klar over en alvorlig hendelse på campus, skal følgende utføres:
1: Vurder hvilken situasjon som har oppstått
2: Utfør eventuelt akutte tiltak på stedet – redning, varsling, evakuering, førstehjelp
Ved hendelse som krever øyeblikkelig bistand fra nødetater, skal disse umiddelbart varsles:
Brannvesen
110
Politi
112
Ambulanse
113
Du kan også utløse en manuell, rød brannmelder, så vil nødetater rykke ut til der du er.
3: Foreta følgende varslinger:
- Ved innbrudd, ta kontakt med vaktselskapet Avarn Security AS. Telefon: 02580
- Varsle egen leder/dekan
- Dersom situasjonen er svært alvorlig, skal det umiddelbart varsles til KHiOs beredskapsleder: Marianne Skjulhaug
930 91 091
Anna Elisabet Einarsson (stedfortreder)
986 62 976
Krisestab
Ved hendingar som kan utvikle seg til ei krise, blir det sett krisestab som blir leia av rektor.
Beredskapsplan
Kunsthøgskolen har ein beredskapsplan (sist revidert oktoberber 2023) som skildrar korleis høgskolen kan avgrense konsekvensane av uønskte hendingar. Dokumentet er tilgjengeleg for beredskapsgruppa og utvalde ressurspersonar.
SikreSiden sikresiden.no inneheld førebyggande opplæring og råd om kva du kan gjere i ein krisesituasjon. Slike situasjonar kan vere valdssituasjonar, førstehjelp, trugsmål, brann, nettsvindel, mista/stole og hendingar på reise eller ved studiestart, samt kontaktinformasjon og informasjon om varsling.
Kjemikalieregister
Det finnst datablad og instruksar for alle kjemikaliar i bruk ved KHiO i digitalt stoffkartotek.