Lærling i Time kommune
Som lærling er du midlertidig ansatt i Time kommune, du får lønn under læretida og har rettar og plikter som andre arbeidstakarar. Du får opplæring, rettleiing og vurdering under læretida.
Kva me tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaar
- Lærerik praksis i godt fagmiljø
- God rettleiing og oppfølging frå instruktør
- Praksisen er variert slik at du som lærling skal få dekka alle kompetansemålene Time kommune er godkjend lærebedrift for:
- Anleggsgartnarfag
- Barne- og ungdomsarbeidarfag
- Byggdrift
- Ernæringskokkfag
- Helsearbeidarfag
- IT-driftsfag
- Service- og administrasjonsmedarbeidarfag Det finst fleire ulike utdanningsløp for å få fagbrev. I Time kommune tilrettelegg me for bl.a.: ordinært læreløp, lærekandidat, fagbrev på jobb, modulbasert fag- og yrkesopplæring (helsefag), Menn i helse, Vg3 skole og praksiskandidat
Fristen for å søka læreplass er 1. mars kvart år.
Kristian anbefaler sterkt å verta lærling i Time kommune
Søk i vår webcruiterbase om å få bli lærling
Lønn under utdanning
Kvalifikasjonar