Hopp til innhold

Avlastar i eigen heim

Sammendrag

Som privat avlastar gir du omsorg og trygge rammer for eit barn eller ein ungdom med funksjonsnedsetjing i ditt eige heim, vanlegvis ei helg i månaden. Du bidrar til positive opplevingar, sosialisering og utvikling, og gir pårørande eit pusterom.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· 27/05/2025
Sted
Isdalstø
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Påkrevde ferdigheter
  • alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Goder
  • Utgiftsdekning etter avtale i samsvar med særavtale SGS - 1030
  • rettleiing
  • Avlønning etter gjeldande særavtale

Full beskrivelse

Avlastar i eigen heim

Har du rom i hjartet - og i heimen?

Om stillinga

Ynskjer du eller familien din å dele noko av kvardagen med ein som treng det? Som privat avlastar kan du og familien din gjere ein stor forskjell i livet til eit barn eller ein ungdom og deira familie, kor barnet/ungdommen har ein funksjonsnedsetjing. Avlastninga vil skje i heimen din.

Du skal gi omsorg og sørgje for trygge omgjevnader - vanlegvis ei helg i månaden, men dette kan variere etter behov. Du samarbeider med pårørande og barnet/ungdommen, og saman finn de ut kva for avlastningstid som passar best for dykk.

Dette er ein jobb for deg som har ekstra omsorg å gje - og rom for eit barn eller ein ungdom som treng at du er tålmodig, roleg og strukturert. Det handlar om å gje pårørande i ein familie "eit lite pusterom", ved å gi barnet/ungdommen deira ei trygg hamn utanfor familien.

Som privat avlaster er du med å skape kvardagsmagi - og gje støtte der det trengst mest!

Vinterbilete Bruknapp Arbeidsoppgåver

  • Leggje til rette for positive opplevingar for barnet/ungdommen
  • Bidra til sosialisering og utvikling
  • Følgje opp behov for bistand i dagleglivet
  • Vere ein trygg og god omsorgsperson
  • Ha ein stabil livssituasjon
  • Skape tryggleik og føreseielege rammer

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå arbeid med barn/unge med funksjonsnedsetjing er eit føremon
  • Kunnskap om alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK) er eit føremon

Aktuelle søkjarar blir kontakte fortløpande.

Kven er du?

  • Du er tålmodig, omsorgsfull og god til å setje grenser
  • Du er tydeleg i kommunikasjonen og trygg i rolla di

Personleg eignaheit vil bli ilagt stor vekt

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til barn/unge og deira familie.
  • Du formar sjølv arbeidsdagen eller helga di, og kan kombinere oppdraget med eige familieliv
  • Oppdragsavtale; dette gjer moglegheit å ha 100% fast tilsetjing i Alver kommune i tillegg
  • Utgiftsdekning etter avtale i samsvar med særavtale SGS - 1030
  • Du kan få rettleiing
  • Avlønning etter gjeldande særavtale

Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede

Om Habiliteringstenesta

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/ utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,

Om Alver kommune

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.