Hopp til innhold

Assisterande seksjonsleiar

Sammendrag

En assisterende seksjonsleder søkes for å være med på å bygge opp, utvikle og forme en ny samlet seksjon for preanalyse og pasientnær analysering fra 1. mars 2027. Stillingen innebærer ansvar for medarbeidaroppfølging, ressursplanlegging og videreutvikling av arbeidsprosesser.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig
Sted
Bergen
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
1. mars 2027
Nivå
Erfaren
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 894k–1353k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

V il du vere med å utvikle og forme ein ny seksjon i MBF?

Frå 1. mars 2027 blir preanalytisk seksjon og seksjon for pasientnær analysering samla til éi felles eining. Vi søkjer no ein engasjert og utviklingsorientert assisterande seksjonsleiar som ønskjer å vere med på å bygge opp, utvikle og forme den nye seksjonen.

Dette er ei spennande moglegheit for deg som trivst med ansvar, samarbeid og utviklingsarbeid. I tett samarbeid med seksjonsleiar og ein annan assisterande seksjonsleiar vil du få ei sentral rolle i medarbeidaroppfølging, ressursplanlegging og vidareutvikling av arbeidsprosessar og tenester

MBF står framfor fleire viktige utviklings- og endringsprosessar i åra som kjem. Som assisterande seksjonsleiar får du vere med på å forme den nye seksjonen og bidra til vidare utvikling av laboratorietenestene i avdelinga.

Litt om oss Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er ei av seks avdelingar i Laboratorieklinikken ved Helse Bergen og har om lag 370 tilsette.

Avdelinga omfattar 12 analytiske og fire ikkje-analytiske seksjonar, legegruppene innan medisinsk biokjemi, hormonlaboratoriet og klinisk farmakologi, samt NAPOS, NOKLUS og RELIS. Verksemda omfattar rutinedrift, forsking, utviklingsarbeid og innovasjon, og laboratoriet er akkreditert etter ISO 15189.