Hopp til innhold

Assisterande einingsleiar - Knarvik sjukeheim avdeling 2

Sammendrag

Assisterande einingsleiar er ein dagtidsstilling med 37,5 timers arbeidsuke. Stillinga inneber å vera ein støttespelar for einingsleiar, med medansvar for dagleg drift, fagansvar og delegert personalansvar. Rollen kombinerer operativ leiing med fagleg nærvær og bidrar til å sikre god kvalitet i tenestene.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig· for 7 døgn siden
Sted
Isdalstø
Arbeidstid
38 t/uke
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
Snarest
Nivå
Erfaren
Utdanning
Bachelor
Språk (påkrevd)
  • norskB2
Påkrevde ferdigheter
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Beherske norsk språk, munnleg og skriftleg tilsvarande B2 nivå
  • God digital kompetanse og forståing
  • Erfaring fra liknande stilling eller arbeid
  • Personalansvar
  • Leiar frå kommunale helse - og omsorgstenester
  • Endrings- og utviklingsarbeid
Goder
  • God pensjonsordning
Lønn (anslått, uoffisiell)
~kr 894k–1353k/yrGrovt anslag for en heltidsstilling; arbeidsgiveren oppga ikke noe beløp Hvordan beregnes dette?

Full beskrivelse

Assisterande einingsleiar - Knarvik sjukeheim avdeling 2

Bli med i Alver kommune som ass.einingsleiar! Støtt daglig drift og skap god trivsel

Om stillinga

Assisterande einingsleiar er ei dagtidsstilling med 37,5timers arbeidsuke. Stillinga inneber å vera ein tett støttespelar for einingsleiar og ha eit medansvar for dagleg drift, fagansvar og delegert personalansvar i heile avdelinga. Stillinga kombinerer operativ leiing med fagleg nærvær i avdelinga.

Du bidrar saman med einingsleiar til å sikre god kvalitet i tenestene, følgjer opp tilsette i det daglege og medverkar i planlegging og gjennomføring av endringar og utviklingsarbeid. Rolla inneber også deltaking i sjukefråværsoppfølging og implementering av rutiner og tiltak ved behov for det.

Ass. einingsleiar er ein viktig ressurs for både tilsette og leiinga. Du vil bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø, eit trygt pasientforløp og ei effektiv drift.

Ass.einigsleiar rapporterer direkte til einingsleiar.

Alver kommune Om oss

Avdeling 2 er ei sjukeheimsavdeling med 29 pasientrom. Vi har todelt pasientgruppe, ei korttidsgruppe med pasientar som er her på tidsavgrensa og målretta opphold, og ei langtids- somatisk pasientgruppe som bur her fast. Det er naturleg å variere mellom begge gruppene når ein er tilsett her. Avdelinga har mange flotte fagpersoner i sving kvar dag, og det er ei aktiv avdeling med eit godt fleirfagleg samarbeid.

Landskap Arbeidsoppgåver

  • Sikre forsvarleg drift.
  • Vere pådrivar for fagleg utvikling.
  • Utøve delegert personalansvar.
  • Ha ansvar for lærlingar, studentar og elevar.
  • Vere pådrivar for eit godt arbeidsmiljø.
  • Ha medansvar for implementering og vedlikehald av ulike kartleggingsverktøy.
  • Rettleie tilsette i utøving av fag og utviklingsarbeid.
  • Samarbeide med verneombod og tillitsvalde, og delta i arbeidsmiljøgruppa sitt arbeid.
  • Vere stedfortredar for einingsleiar ved ferie eller anna fråvær.
  • Utføre andre delegerte oppgåver etter nærare avtale.

Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Beherske norsk språk, munnleg og skriftleg tilsvarande B2 nivå
  • God digital kompetanse og forståing
  • Erfaring fra liknande stilling eller arbeid

I tillegg ønskjer vi at du

  • har hatt personalansvar tidlegare
  • har erfaring som leiar frå kommunale helse - og omsorgstenester
  • erfaring med endrings- og utviklingsarbeid

Kven er du?

Vi ser etter deg som har

  • Gode samarbeidsevner.
  • Førebiletleg god arbeidsmoral.
  • God relasjonskompetanse.
  • Evne til å handtere endringar på kort varsel.
  • Evne til å sjå løysingar framfor problem.
  • Evne til å arbeide strukturert.
  • Evne til å halde tidsfristar.
  • Evne til å ta ansvar og følgje opp saker.
  • Evne til å ta avgjerder.

Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du møter mange ulike mennesker kvar dag; tilsette i eiga og andre tenester, pasientar og pårørande
  • Opplæring og oppfølging som nytilsett
  • God pensjonsordning
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring!

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.

Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.

Vi er Alver

Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4,vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vinterbilete Bruknapp Om sjukeheimstenesta i Alver kommune

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim inkludert Avd. Helsehuset, Lindås bu- og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug, Såta bu- og servicesenter og Velferdssenteret på Manger.

Sjukeheimstenesta har omtrent 200 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.