Vi er alltid interessert i å komme i kontakt med deg som har godkjend tilleggsutdanning i montessoripedagogikk, og ynskjer deg velkommen til å sende ein open søknad.
Vi søkjer deg som er allmennlærar eller faglærar, og som
- har godkjend tilleggsutdanning i montessoripedagogikk
Det er også flott om du
- har erfaring frå barneskule og gjerne fagkompetanse og/eller erfaring med begynnaropplæring og spesialpedagogikk.
- har «vi-kjensle», og vil vere med på å vidareutvikle skulen
- er positiv, fleksibel og kreativ
- kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- ynskjer å inspirere elevane til utforsking og læring
- har god relasjonskompetanse Send søknad med CV til oss pr. e-post
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til jobbintervju. Prøvetid 6 månader. Krav om politiattest ved tilsetjing.