Hopp til innhold

100 % fast stilling som fagarbeidar i Ådlandsfjorden barnehage

Sammendrag

Stillingen er som fagarbeider i Ådlandsfjorden barnehage, med oppstart 01.01.2027. Arbeidsoppgavene inkluderer tilrettelegging for barns lek, læring og utvikling, samt deltakelse i det daglige arbeidet og dokumentasjon.

Nøkkelfakta

Status
Tilgjengelig
Sted
Os
Ansettelsesform
Heltid
Arbeidstid
38 t/uke
Arbeidsform
På stedet
Oppstart
1. januar 2027
Nivå
Nyutdannet
Utdanning
Læreplass / yrkesfaglig utdanning
Språk (påkrevd)
  • norskFlytende
Påkrevde ferdigheter
  • Alternativ Supplerande Kommunikasjon (ASK)
Goder
  • Gunstig pensjonsordning
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Full beskrivelse

Fagarbeidar

Vi har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar i Ådlandsfjorden barnehage frå 01.01.27. Vi søkjer deg som har engasjement for arbeid med barn og ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Ådlandsfjorden barnehage som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon.

Barnehagen treng fagarbeidar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på Alternativ Supplerande Kommunikasjon (ASK) i kvardagen og trygt og godt barnehagemiljø.

Arbeidsstad

Ådlandsfjorden barnehage ligg vakkert til i same bygg som Ådlandsfjorden barneskule. Vi kan nytte skulen sitt uteområdet, fotballbane, ballbinge og gymsal i tillegg til eige uteområdet. Rundt barnehagen er det skogsområde, med fleire moglegheiter for tur.

Vi nyttar opparbeida naturleikeplass med flott gapahuk, god plass til å bevega seg og har kort veg til sjøen. Vi har to basar og per no 21 barn i alderen 0 – 6 år. Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
  • Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
  • Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
  • Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

Kvalifikasjonar

Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert også vurdert. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir. Ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn 0-6 år. Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar

Vi ser etter deg som

  • er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn
  • er leiken, tar ansvar, initiativ og er fleksibel
  • har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
  • er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald
  • Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Rekrutteringstillegg på kr 30 000,-.

Kontaktperson

  • Bente Ådland, styrar, tlf: 975 45 650, BEAAD@bjornafjorden.kommune.no
Søk på bedriftens nettsted