Skip to content

On-call substitute for night duty

Summary

Seeking an on-call substitute for night duty at Osterøytunet, who will work in all departments of the nursing home and in the outdoor service. Training will be provided, and tasks include care, assistance, guidance, environmental work, practical tasks, documentation, and reporting.

Key facts

Status
Available· 03/02/2026
Location
Valestrandsfossen
Contract
Part-time
Work arrangement
On-site
Level
Entry
Apply by
2026-12-02
Languages (required)
  • NorwegianFluent
Pay (estimated, unofficial)
~kr 535k–626k/yrRough guide for a full-time post; the employer named no amount How is this calculated?

Full description

Tilkallingsvikar til nattenesta

Me søkjer tilkallingsvikar til nattenesta ved Osterøytunet

Om stillinga

Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar, der kvar avdeling har 3–4 grupper med 9–10 bebuarar i kvar gruppe. Me har eige kjøkken og eigen lege, og tilbyr både korttids- og langtidsopphald.

Som nattevakt ved Osterøytunet vil du arbeide på alle avdelingar ved sjukeheimen, og du vil også vere ein del av utetenesta i kommunen. Du vil få grundig opplæring i dei arbeidsoppgåvene du blir sett til.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg omsorg og pleie
  • Bistand og rettleiing utfrå pasienten sine behov
  • Målretta miljøarbeid ved behov
  • Praktiske oppgåver i avdelingane
  • Dokumentasjon og rapportering

Kvalifikasjonskrav

  • Erfaring frå omsorgsarbeid, helsefag eller liknande er ein fordel
  • Gode kommunikasjonsevner og eit omsorgsfullt vesen
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Beherske norsk skriftleg og muntleg

Om du får tilbod om stilling må du legge fram gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 md.

Vi tilbyr

  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
  • Lønn etter tariffavtale

Utsikt mot Haus Osterøy kommune

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen.

Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.