Odda sjukehus søkjer ein fagleg dyktig og engasjert sjukepleiar til ei 100 % fast stilling, delt mellom medisinsk og kirurgisk døgnpost og kreftpoliklinikken. Stillinga gir ein variert arbeidskvardag med pleie, behandling og oppfølging av pasientar på døgnpost og ved kreftpoliklinikken.
Kreftpoliklinikken tilbyr kreftbehandling som cellegift, antistoff og immunterapi, i tillegg til konsultasjonar og anna støttebehandling. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø og får høve til å utvikle kompetansen din.
Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg på døgnpost. Kreftpoliklinikken har drift på dagtid, måndag til torsdag.