Ringevikarar - Skule
Om stillinga
Skule og SFO i Vaksdal kommune har behov for fleire tilkallingsvikarar.
Likar du å arbeide med barn og unge, og ønsker ein jobb der du kan bidra til ein trygg og positiv kvardag? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Skulane og SFO tilbyr eit inkluderande og utviklande miljø der du får vere med og støtte elevane både i læring og leik.
Vi ser etter engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar som er trygge i møte med barn og unge, og som kan bidra til gode opplevingar i både skule- og SFO-tida.
Stillinga passar godt for deg som ikkje ønsker å binde deg til fast stilling, og kan enkelt kombinerast med studiar eller anna arbeid. Det er ikkje eit krav om formell pedagogisk utdanning, men personlege eigenskapar blir vektlagde.
Send oss gjerne ein søknad – og ta kontakt dersom du har spørsmål.
Arbeidsoppgåver
- Vere til stades for barna både i klasserom, friminutt og sfo.
- Vere engasjert i barna sin leik inne og ute
- Passe på så ingen fell utanfor læringsarbeid eller leik
- Sette deg godt inn i alle rutinar
- Ulike praktiske oppgåver
- Sette deg inn i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert Personlege eigenskapar
- Du er god på kommunikasjon og relasjonsbygging med barn og unge
- Du er påliteleg, open og ærleg
- Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen/skule/SFO for barna si skuld, men og har evne til å samarbeide med kollegaer Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal Kommune kan tilby
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Gode moglegheitar for støtte til utdanning
- Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg Generell informasjon
Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.
Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.
Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.
Før tilsetting må gyldig politiattest jft. § 17-11 i opplæringsloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Spørsmål om stillinga
Malin Sæterdal
Rektor Dale skule
+4798077773 malin.seterdal@vaksdal.kommune.no
Jill Bru Johansen
Einingsleiar skule og PPT
+4745376534 jill.johansen@vaksdal.kommune.no
Agnetha Olsen Brekkhus
Rektor Vaksdal skule
+4797580059 agnetha.olsen.brekkhus@vaksdal.kommune.no
Kari Vaksdal Faugstad
Rektor Stanghelle skule
+4792220416 kari.vaksdal.faugstad@vaksdal.kommune.no
Liv Anne Bergo
Rektor Eksingedalen oppveksttun
+4797653458 liv.anne.bergo@vaksdal.kommune.no
Rose-Marie Mo Lilletvedt
Rektor Stamnes oppveksttun
+4791175971
Rose-Marie.
Mo.
Lilletvedt@vaksdal.kommune.no
Søknadsfrist
Løpande
Arbeidsgivar
Vaksdal kommune
Kommune
Omfang
Deltid (4 stillingar) Deltid (%)
Varigheit
Ekstrahjelp
Arbeidsstad
Lastar...