Skip to content

Advisor - 100% permanent - Agriculture

Summary

Alver municipality is seeking an advisor in agriculture responsible for administrative tasks, business development, and farmer guidance. The position involves work with environmental measures, land management, and local food.

Key facts

Status
Available· 22 days ago
Location
Frekhaug
Work arrangement
On-site
Start date
Immediately
Level
Mid
Education
Bachelor's
Driving licence
Yes
Languages (required)
  • NorwegianFluent
Required skills
  • SMIL
  • RMP
  • OBB
  • land management
  • land act
  • concession act
  • local food
Benefits
  • Good pension scheme
Pay (estimated, unofficial)
~kr 698k–921k/yrRough guide for a full-time post; the employer named no amount How is this calculated?

Full description

Rådgjevar - 100% fast- Landbruk

Bli med på laget i Alver kommune som rådgjevar innan landbruk! Varierte oppgåver og eit godt arbeidsmiljø ventar. Alver kommune Om stillinga

Alver kommune har ledig ei fast 100 % stilling som rådgjevar på Landbruksavdelinga.

Kommunen er ein av dei største landbrukskommunane i Vestland og har eit vidt spenn i kombinasjonen av små og store gardsbruk, tradisjonelt landbruk og ulike bygdenæringar, med eit variert landskap frå kystlynghei ved havet til frodige beiter i høgfjellet. Dette gjer at det er ein spennande stad å arbeida.

Du får allsidige arbeidsoppgåver og sakstyper som gjer at du vil få ein variert kvardag. Landbruksavdelinga ynskjer deg som vil gjere ein forskjell for landbruket.

Avdeling for landbruk har som mål å bidra til eit godt og robust landbruksmiljø. God forvaltning og fokus på innovasjon og utvikling av landbruksnæringa er viktige satsingsområde.

Arbeidsoppgåver

Vi søker deg som har kompetanse, erfaring og interesse for forvaltning og utvikling av ei framtidsretta jord- og skogbruksnæring. Stillinga vil gje deg høve til å forma utviklinga for næringa i Alver og samarbeidskommunane. Stillinga er sjølvstendig og du vil kunne påverke eigen arbeidskvardag. Stillinga omfattar både fokus på næringsutvikling og forvaltning. Kompetanseoppbygging og rettleiing av bønder er ein viktig del av arbeidsoppgåvene.

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er i hovudsak

  • Forvaltningsoppgåver knytt til ordningar som spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), regionalt miljøtilskot (RMP), organisert beitebruk (OBB)
  • Klimatiltak i landbruket
  • Forvaltningsoppgåver knytt til arealforvaltning, jordlov og konsesjonslov
  • Næringsutvikling knytt til landbruk, lokalmat, arrangera fagmøte, kurs og liknande
  • Kontakt og rettleiing av bønder/grunneigarar
  • Tverrfagleg samhandling med andre fagområde og samarbeidspartar i og utanfor kommunen

Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga. Fagfeltet vert delt med kollegaer ved kontoret.

Kvalifikasjonskrav

Vi søkjer deg som har

  • Relevant utdanning innan jordbruk, på agronom/agroteknikkar eller bachelornivå.
  • Kompetanse innanfor jord- og plantefag, husdyrbruk, miljø og kulturlandskap
  • Gode kunnskapar om landbruk både praktisk og teoretisk
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel.

Ønskt kompetanse

Vi søkjer deg som

  • Har interesse og engasjement innanfor fagområdet
  • Relevant erfaring frå tilsvarande stilling
  • Har gode samarbeidsevner
  • Tar ansvar og kan jobbe sjølvstendig
  • Er løysingsorientert og fleksibel
  • Har gode kommunikasjonsevner både skriftleg og munnleg
  • Trivst i kontakt med bønder, grunneigarar og andre aktørar
  • Har godt humør og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Du må ha førarkort.

Vi tilbyr

  • Variasjon i arbeidsoppgåver.
  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer.
  • Løn etter avtale basert på utdanning og erfaring.
  • God pensjonsordning.

Om arbeidsplassen

Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!

Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.