Skip to content

Consultant Psychiatrist

Summary

Position as a Consultant Psychiatrist at Folgefonn DPS, offering treatment within mental health and substance abuse treatment. The workplace is in Valen, and the position involves professional development and contribution to innovation.

Key facts

Status
Available· 5 days ago
Location
Valen
Work arrangement
On-site
Start date
Immediately
Level
Senior
Education
Master's
Benefits
  • employer pension
  • flexible working hours
Pay (estimated, unofficial)
~kr 1163k–1397k/yrRough guide for a full-time post; the employer named no amount How is this calculated?

Full description

🌿 Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern?

Hos Folgefonn DPS blir du ein del av eit levande, inkluderande og tverrfagleg behandlingsmiljø der fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling står i sentrum. 💙 Vi tilbyr eit breitt spekter av behandlingstilbod innan psykisk helsevern og rusbehandling (TSB), med lokasjonar på Valen og i Odda.

Her møter du eit sterkt fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, LIS-/ALIS-legar, psykologar under spesialisering og høgskuleutdanna medarbeidarar med vidareutdanning. Saman arbeider vi for å gi innbyggjarane i Kvinnherad og Ullensvang eit godt, heilskapleg og framtidsretta behandlingstilbod.

🚀 Vi er inne i ei spennande utviklingsfase der vi vidareutviklar både polikliniske tilbod og døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling ved Allmennpsykiatrisk poliklinikk, og dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og påverke fagutviklinga, bidra med nye perspektiv og vere ein del av eit miljø som er oppteke av læring, kvalitet og nytenking.

📍 Arbeidsplassen vil vere på Valen, anten i poliklinikk eller døgnseksjon. Dersom du ønskjer ein meiningsfull arbeidskvardag med faglege utfordringar, engasjerte kollegaer og gode moglegheiter for vidare utvikling, håpar vi å høyre frå deg.

✨ Intervju kan bli gjennomførte fortløpande i utlysningsperioden. Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest!

Apply on the company site