- Forside
- / Ledige stillingar
- / Helsesenteret har ledig 80 % fast stilling som helsesekretær eller bioingeniør frå 1.2.27. Frist 30.11.26
Lytt til teksten Innstillingar
Helsesenteret har ledig 80 % fast stilling som helsesekretær eller bioingeniør frå 1.2.27. Frist 30.11.26
Seljord kommune
Seljord er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark med om lag 3000 innbyggarar. Her finn du eit rikt kulturliv, store arrangement gjennom året, gode friluftsmoglegheiter og eit levande lokalsamfunn. Kommunen er eit viktig handels- og trafikknutepunkt i regionen, og tilbyr gode tenester innan oppvekst, kultur og helse.
Seljord helsesenter
Seljord helsesenter er eit veldrive kommunalt helsesenter med seks fastlegar og to LIS1-legar. Legevakt, helsestasjon, fysioterapi, ergoterapi og psykisk helse og rus er samla i avdelinga. Dette gir eit spennande og tverrfagleg arbeidsmiljø med korte avstandar mellom fagmiljøa.
Hos oss arbeider helsesekretærar, bioingniør, sjukepleiarar, legar og andre helseprofesjonar tett saman. Vi legg vekt på samarbeid, fagutvikling og å skape gode tenester for innbyggjarane våre.
Om stillinga
Vi søkjer ein autorisert helsesekretær eller bioingeniør i 80 % fast stilling.
Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna
- Laboratoriearbeid og prøvetaking
- Mottak og oppfølging av pasientar
- Assistering ved undersøkingar og prosedyrar
- Administrative oppgåver ved legekontoret
- Bidrag til utvikling av gode pasientforløp og arbeidsprosessar
Oppstart 01.02.2027 eller etter avtale.
Vi ser etter deg som
- Er autorisert helsesekretær eller bioingeniør
- Har erfaring frå legekontor og/eller laboratoriearbeid
- Er serviceinnstilt og møter pasientar med respekt og omtanke
- Er ein positiv lagspelar som trivst med tverrfagleg samarbeid
- Har interesse for fagutvikling og kvalitetsforbetring
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit variert og spennande arbeid i ein travel og viktig del av helsetenesta
- Dyktige og trivelege kollegaer
- Eit sterkt tverrfagleg miljø med fokus på samarbeid og utvikling
- Gode moglegheiter for fagleg vekst
- Løn etter Hovudtariffavtala
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- IA-bedrift
Kontakt
For meir informasjon om stillinga kan du kontakte einingsleiar helseavdelinga, Kine Jordbakke, telefon 959 26 844 eller e-post kine.jordbakke@seljord.kommune.no.
Vi oppmodar særleg personar som er underrepresenterte med omsyn til kjønn, kultur eller bakgrunn om å søkje.
Seljord kommune tek berre imot elektroniske søknader. Relevant utdanning og erfaring må registrerast i søknadsskjemaet. Søk på stillinga her. Lenke til et annet nettsted.
- Søknadsfrist: 30.11.2026
Sist oppdatert 17. november 2026
Kontakt
Einingsleiar Helseavdelinga Kine Jordbakke
- Tlf: 95 92 68 44
Kine.jordbakke@seljord.kommune.no
Søk på stillinga her Lenke til et annet nettsted.
Fann du det du var på jakt etter?
Nei Ja