Vi har ledig fast 80% stilling som helsefagarbeidar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter. Stillinga er ledig frå 25.01.2027 og inngår for tida i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Giske omsorgssenter ligg på Valderøya og har to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling, totalt tre avdelingar med 30 plasser. I bygget er også dagsenter, heimebasert omsorg, sentralkjøkkenet, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabiliteringa lokalisert. Personalet ved Giske omsorgssenter har tett samarbeid med desse tenestene.
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeider som kan sikre god pasientbehandling og utføre oppgaver etter gjeldande lover og forskrifter, og som også vil bidra aktivt til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Ta gjerne kontakt per telefon om du har spørsmål.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Om stillingen
Arbeidsoppgåver
- Vanlege oppgåver i bukollektiv med heildøgns pleie-og omsorgstilbod. Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
- Gjerne med erfaring og/eller tilleggsutdanning innan psykiatri.
- God digital kompetanse.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig. Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbetringsteam.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Stillingstittel
Helsefagarbeidar - fast stilling ved Giske omsorgssenter
Ansettelsesform
Fast
Heltid / Deltid
Deltid
Tiltredelsesdato
25.01.2027
Stillingsprosent
80
Antall stillinger
1
Arbeidssted
VALDERØYA
Søknadsfrist
26.11.2026
Søk på stilling
Firma
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Adresse
Valderøya, 6050 VALDERØYA
Kart
Spørsmål om stillingen?
Janita Engeset Ellingseter
Stilling einingsleiar
E-post
Telefon
Webcruiter-ID
5208559264
Publisert
11.11.2026