Som medarbeidar i inngangen til Mikkelparken er du ein viktig del av gjestenes første og siste møte med parken, og har eit stort ansvar for å gi dei eit godt første- og sisteintrykk. Tryggleik trivsel og samarbeid skal vere ei ramme rundt arbeidet.
Du skal sørgje for at gjestene kjem seg raskt og effektivt inn i parken, gi god gjesteservice og sikre meirsal i butikken. Du skal passe på at alle har billett, svare på spørsmål, og gi god service. Inngangen er òg ansvarleg for å organisere utleige av hundebur.
Inngangsverten rapporterer til sesongleiaren for inngang i Mikkelparken, og elles dei andre sesongleiarane i parken.
Oppgåver og ansvarsområde: Scanning av førehandskjøpte billettar Bruke bestillingssystem til registrering av ulike typar billettar, samt å søkje opp gjester som ikkje finn billetten sin Svare på spørsmål og gi god service og informasjon til gjestene Kjennskap til opningstider, billettypar, attraksjonar, fasilitetar, mattilbod og prisar i Mikkelparken Sal av leiker, Mikkelprodukt og kioskvarer Premiering av gullgraving Halde inngangen og området utanfor ryddig og reint til ein kvar tid, samt sørgje for at det er korrekte prislappar på varer Desinfisere kontaktflater i inngangen hyppig Halde Tropefryds sjølvbetjeningsområde reint og ryddig Registrere og dele ut hengelås til hundebura utenfor inngangen Som medarbeidar bør du vere: Blid og imøtekommande punktleg og reinsleg.
Du skal alltid kome punktleg til vakta di og ha rein og korrekt uniform Oppmerksam mot gjestene våre. Alltid helse på dei og vise at du ser dei God på å handtere stressande situasjonar. Det kan kome mange gjester samtidig, og det er viktig å halde seg roleg Løysingsorientert.
Gjester kan ha ulike utfordringar i parken, og det er viktig å forsøke å kunne hjelpe dei Arbeidstidene for inngangsmedarbeidarar er mellom 7 og 8 timar per vakt. Du kan forvente mellom 3-5 vakter i veka.
Alle som takkar ja til sommarjobb i Mikkelparken må kunne delta på obligatorisk opplæring i forkant av sesongopning.