Besøksheim
Besøksheim søkes kvar fjerde helg til eit barn på 9 år
Arbeidsoppgåver
- Gje eit godt omsorgstilbod i 48 timar kvar 4.helg.
- Delta i aktivitetar saman med ungdommen.
- Sørge for eit trygt, sosialt og hyggeleg opphald.
Om stillinga
- Besøksheim er eit avlastingstilbod til familiar som har særleg tyngande omsorgsarbeid.
- Besøksheimen skal gjere det mogleg for omsorgsytarane å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosialt nettverk og gi moglegheit for nødvendig, og regelmessig fritid og ferie.
- Som avlastar bidrar du til å hindre overbelastning for omsorgspersonane. Din heim skal være ein trygg og god stad der barn og unge kan være ein del av det vanlege familielivet.
- Det er viktig med forutsigbarheit, tryggleik og omsorg.
Kvalifikasjonskrav
- Du må være stabil og ansvarleg. Kunne tilby eit trygt og godt miljø i besøksheimen.
- Du må kunne sette grenser og ha eit opent sinn.
- Det er viktig at du som avlastar tenker deg godt igjennom kva du har kapasitet til, og at du kan binda deg over tid.
- Avlastar og alle over 18 år i husstanden må framleggja gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3. md.
- Du må ha sertifikat klasse B og disponering eigen bil.
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande lover og reglar
- Oppfølging
- veiledning ved behov
Spørsmål om stillinga
- Tone Drevsjø, avdelingsleiar
- Telefon: +4793424017 | E-post: tone.drevsjo@osteroy.kommune
Utsikt mot Haus Besøksheim søkes kvar fjerde helg
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen.
Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.